Åtseletar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein svartkondor et eit åtsel.

Ein åtseletar er ein organisme som et åtsel - dyr som allereie er daude. Dei spelar ei viktig rolle i dei fleste økosystem sidan dei bidreg til nedbrytinga av daude dyrerestar; ei prosess som vert avslutta av dei ekte nedbrytarane eller saprotrofane.

Velkjende åtseletarartar omfattar m.a. gribbar, kondorar, åtselbillar og mange krepsdyr. Det finst dessutan ei heil rekkje organismar som både jaktar og et åtsel, m.a. løver, hyener og sjakalar.

Dyr som lever av ekskrement, t.d. gjødselbiller, vert òg rekna som åtseletarar i økologien. Organismar som hovudsakeleg lever av daude plantar, vert derimot omtala som detrivorar.

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk