Kondorar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kondorar


Svartkondor, Coragyps atratus
Svartkondor, Coragyps atratus

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Accipitriformes
Familie: Cathartidae

Kondorar, Cathartidae, er ein familie med sju artar med leveområde avgrensa til varme og tempererte område av Amerika. Denne fuglegruppa er òg kalla den nye verdas gribbar og vestgribbar. [1] Kondorar er ikkje nært i slekt med gribbar i «den gamle verda», likskapen mellom desse to gruppene kjem av konvergerande evolusjon. Kondorar skil seg frå gribbar med at dei har god luktesans medan gribbar berre kan finne åtsel med hjelp av synet. Dei fleste artar i begge grupper har eit karakteristisk hovud utan fjørkleding.

Innhaldsliste

[endre] Systematikk

Kondorar er plassert i ordenen Accipitriformes i Clementslista[2] og i IOC-lista.[3] Plasseringa har vore omstridt, tidlegare var kondorfamilien ein del av ordenen falkefuglar, Falconiformes, men frå siste del av 1900-talet har mange rekne kondorar som storkefuglar.

[endre] Skildring

Kondorar er generelt store fuglar, og varierer i lengd frå 56-61 centimeter for den minste arten myrkondor på opp til storleiken for kaliforniakondor og andeskondor som begge kan nå 120 cm i lengd og vege over 12 kilogram. Fjørdrakta er i stor grad svart eller brun, ofte med kvite markeringar. Alle artar har fjørlaust hovud og naken hals. Hos nokon artar er huda her lys i farga, og hos kongekondoren er det utvikla store fargerike hudflikar og utvekstar.

Alle arter har lange, breie venger og en stiv hale begge egna til glideflukt på oppstigande luft. Av verdas fugleartar er kondorar dei som er best tilpasset slik flyging over land. Føtene har klør, men dei er svake og ikkje tilpassa griping av bytte. Framtærne er lange med ein liten hudlapp mot foten. Ingen kondorar har syrinx, som gjev fuglar evne til lage lyd, derfor har ikkje desse fuglane anna lyd enn sjeldne grynt.

Samanlikna med haukar har kondorar relativt svakt nebb. Nebbet er tilpassa det å rive kjøtt av delvis rotne åtsel, heller enn å rive fersk kjøtt. Naseopningane er ovale og sit i ein mjuk sere. Nasen er ikkje delt i midten av ein septum, men er hol tvers gjennom nebbet som ein ser tydeleg hos kalkungribben. Augo er framtredande, og i motsetnad til hos ørner, haukefuglar og falkar, ligg ikkje augo i skugge av kraftige augebrynbein. Medlemmer av slektene Coragyps og Cathartes ha eit ufullstendig utvikla øvre augelokkfold og to rader på nedre lokk, medan kaliforniakondor, andeskondor og kongekondor manglar foldar totalt.

I likskap med storkefuglar, Ciconiiformes, har kondorar ein vane med å skilje ut væske ned på beina for å avkjøle beina.

Alle artar i familien er åtseletarar.

[endre] Artsliste

[endre] Kjelder

[endre] Fotnotar

  1. Artikkel i nettleksikonet Caplex
  2. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (20. desember 2010). "The Clements checklist of birds of the world: Version 6.5" (Excel spreadsheet). Cornell Lab of Ornithology. http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%206.5.xls/view. Henta 2. januar 2011. 
  3. Gill, F and D Donsker (Eds) (2010). "IOC World Bird Names (version 2.7) (Raptors)". Tilgjengeleg frå http://www.worldbirdnames.org/. http://www.worldbirdnames.org/n-raptors.html. Henta 2. januar 2011. 

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kondorar
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk