Åtsel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kadaveret av ein daud måke.
Åtsel av eit lam drepe og delvis ete av coyotar.

Åtsel eller kadaver er kroppane til daude dyr eller gamle, delvis nedbrotne lik av menneske.

Åtsel kan vera rester av måltid jaktande predatorar har nedlagt, eller det kan vera snakk om sjølvdaude dyr eller ofre for ulukker. Dei er viktige næringskjelder for kjøtetarar og altetarar i mange økosystem; dyr som et dei vert gjerne omtala som åtseletarar.

Åtsel tek til å råtna frå augeblikket dyret døyr, med alt det inneber av bakterievekst. Ikkje lenge etter at dyret har døydd, vil dette gje kadaveret ei ubehageleg lukt, hovudsakleg forårsaka av stoffa putrescin og kadaverin, som tiltrekk åtseletande insekt. Somme plantar og sopp etterliknar lukta av åtsel for å trekka til seg insekt som kan hjelpa dei å formeira seg. Døme på dette er mellom anna åtselsopp og verdas største blome, Rafflesia.

Mange åtsel kan bera smitte for farlege sjukdommar, sjølv om dyret kanskje var friskt då det levde. Ein bør ikkje handtera dei utan gode hanskar, og når ein er ferdig bør ein gjera seg flid med å vaska hendene. Mange stader kan det å sjå, ta på eller eta åtsel vera knytt til tabu.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ordet åtsel eller etsel er avleidt frå rota åt (jf. gno. æzli «føde, mat») og heng saman med ord som ete og åte .[1] Ordet kadaver kjem frå latin cadaver som er avleidt frå cadere, 'falle'.[2] Slik vil mange bruke ordet kadaver om eit daudt dyr i seg sjølv, medan dei bruker ordet åtsel det daude dyret som mat for åtseletarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. åtsel i Nynorskordboka
  2. kadaver i Nynorskordboka