Åtvidaberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 58°12′1.3860″N 15°59′38.522″E

Dei tidlegare fabrikklokala til Facit.

Åtvidaberg er ein tettstad i Åtvidabergs kommun i Östergötlands län i landskapet Östergötland i Sverige. Tettstaden har i underkant av 8000 innbyggjarar. Hovudnæringsvegar er produksjon av kontorutstyr og -møblar, samt trevare- og mekanisk industri.

I mellomalderen blei det funne kopar i området og det voks fram eit gruvesamfunn. I løpet av det 18- og byrjinga av 1900-talet utvikla Åtvidaberg seg vidare til eit moderne industrisamfunn. Industriselskapet Facit, som særleg utvikla reknemaskinar, var fram til 1970-talet dominerande. Selskapet blei i 1972 kjøpt opp av Electrolux.

Fotballaget Åtvidabergs FF kjem frå tettstaden og hadde ei stordomstid på 1970-talet då det blei svensk meister i 1972 og 1973, og cupvinnar i 1970 og 1971. Suksessen skuldast dels at Facit medverka med pengar til klubben. Laget gjorde det òg bra i cupvinnarcupen og serievinnarcupen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]