Énos
| Énos Όρος Αίνος |
|
|---|---|
|
|
|
| Høgd over havet | 1 628 moh |
| Ligg i/på | Kefaloniá i Hellas |
| Koordinatar | Koordinatar: |
Énos (gresk Όρος Αίνος) eller Aenos er det høgaste fjellet på Kefaloniá i Hellas med ei høgd på 1 628 moh.
Det meste av fjellkjeda er eit parkområde. Furuskog ligg på ei høgd mellom 700 til 1 200 meter. På ei høgd opp til om lag 300 meter ligg det strender og jordbruksområde frå Argostóli til Póros. Frå 300 til 500 meter finn ein oliven og laurbærtre. Over 1 200 meter er fjellet stort sett bart, steinete og barskt. Fjellkjeda dekkjer om lag 3/4 av øya frå Póros til Ássos.
Frå fjella kan ein sjå det nordvestlige Peloponnes og Etolía i tillegg til dei joniske øyane Zákynthos, Levkáda og Itháki.
Det bur mellom tre og fire tusen innbyggjarar i fjellsidene på Énos, og på 1970-talet vart det bygd eit fjernsynstårn på fjelltoppen, og fleire tårn tidleg på 1990-talet.
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Mount Ainos frå Engelsk Wikipedia .