Kefaloniá

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kefaloniá
Lokalt namn: Κεφαλονιά
Landsbyen Fiskárdo på Kefaloniá
Landsbyen Fiskárdo på Kefaloniá
Geografi
2011 Dimos Kefalonias.png
Stad Det joniske havet
Koordinatar 38°14′N 20°34′EKoordinatar: 38°14′N 20°34′E
Øygruppe Dei joniske øyane
Areal 688,8 km²
Høgaste punkt Énos (1 628 moh.)
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei joniske øyane
Kefaloniá
Største busetnad Argostóli (9 748 innb.)
Demografi
Folketal 35 801 (2011)
Folketettleik 45,5 /km²

Kefaloniá (gresk Κεφαλονιά, tidlegare Κεφαλληνία, Kefallinía), òg kalla Cephallenia, Cephallonia, Kefalonia eller Kefallonia, er den største av Dei joniske øyane i Hellas med eit areal på 688,8 km².

Tidlegare var Kefalοniá, saman med med naboøya Itháki, administrert som ein del av prefekturet Kefaloniá. Men frå 2011 er Kefalοniá den einaste kommunen i periferieininga Kefalοniá i periferien Dei joniske øyane.

Øya er kalla opp etter den mytologiske figuren Kefalos (Kifalis), sjølv om enkelte meiner at øya tyder 'ei øy med hovud'.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei åtte tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Mýrtosbukta
Panorama over Ássos

Hovudstaden i kommunen og periferieininga Kefaloniá er Argostóli. Folketalet på øya er om lag 40 000 innbyggjarar. Om lag ein tredjedel av innbyggjarane bur i Argostóli.

Øya er dekt av tett vegetasjon og har mange naturskjønne strender, der nokre av dei ikkje er mogeleg å nå frå land, og flotte grotter. Mýrtos er den mest kjende av desse strendene og er ein stor turistattraksjon som ofte har kome høgt på listene over dei vakraste strendene i verda.

Det høgaste fjellet på Kefaloniá er Énos med ei høgd på 1 628 meter over havet. Det nest høgaste er Ajía Dynatí. I vest-nordvest ligg Palikíhalvøya, der Lixoúri ligg.

Det er fire hamner på øya. Sámi har ferjesamband til Pátra og Itháki. Póros i sør har samband til KyllíniPeloponnes. Argostóli i vest er den største hamna og huser lokale båtar og ferjer som går til Zákynthos og Lixoúri. Fiskárdo i nord har samband til Levkáda og Itháki.

Kefaloniá har ein flyplass, Kefaloniá flyplass, med ei rullebane på om lag 2,4 km. Flyplassen ligg om lag 10 km sør for Argostoli.

Kefaloniá ligg midt i eit seismisk aktivt område, og det oppstår mange mindre jordskjelv kvart år. I 1953 råka eit stort jordskjelv øya og skapte fleire øydeleggingar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Øya fekk namnet sitt frå den mytologiske helten Kefalos, som kom til øya som flyktning frå Athen og dreiv bort dei opphavlege øybuarane som vart kalla tafianarar.

Bybar og landsbyar på øya vart vanlegvis bygd på høge toppar for å hindre åtak frå sjørøvarar i Det joniske havet.

I 1864 vart Kefaloniá, i lag med dei andre joniske øyane, ein del av Hellas.

Under den andre verdskrigen vart øya okkupert av Tyskland og Italia. Fram til seint i 1943 bestod okkupasjonsstyrken hovudsakleg av italienerar. Øya vart stort sett spart for kampar fram til det facistiske Italia kollapsa i september 1943. Italienarane på øya håpa på å få reise heim, men tyskarane ville ikkje at den italienske ammunisjonen skulle brukast mot dei om italienerane tok det med seg heim, og italienarane ville ikkje overlevere ammunisjonen til tyskarane av same årsak. Då tyske forsterkingar kom til øya forskansa italienarane seg og kjempa mot den nye tyske invasjonen. Italienarane haldt ut den tyske omleiringa ved Argostoli i om lag 6 timar før tyskarane tok kontroll over heile øya. Seks tusen av ni tusen overlevande italienske soldatar var så avretta.

Då krigen enda i Europa i 1945, var det framleis konkflikt på Kefaloniá på grunn av den greske borgarkrigen. Freden kom omsider til øya i 1949.

Det store jordskjelvet i 1953[endre | endre wikiteksten]

Kefaloniá ligg like aust for ein stor forkastning der den europeiske kontinentalplata møter den egeiske plata. Det er ofte jordskjelv langs denne forkastinga.

Fire jordskjelv råka øya i august 1953. Som følgje av desse vart så godt som kvart einaste hus på øya øydelagd. Det tredje og mest øydeleggjande jordskjelvet fann stad 12. august 1953 kl 11.23 lokal tid og hadde ein styrke på 7,3 på Richterskalaen. Episenteret var like under sørenden av øya. Heile øya steig 60 cm opp av havet som følgje av skjelvet, og er framleis så mykje høgare i dag. Dette kan ein sjå på vassmerke på klippene rundt kysten.

Nesten alle hus vart øydelagde av skjelvet og berre områda i nord slapp litt billegare unna. Øydeleggingane vart estimert til eit par hundre millionar kroner. Verre for øya og økonomien her var det derimot at mange innbyggjarar reiste frå øya. Ein har estimert at om lag 100 000 av 125 000 innbyggjarar flytta frå øya etter skjelvet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kefaloniá

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Dei joniske øyane

Kérkyra • Erikoússa • Mathráki • Othoní • Paxí • Andípaxi • Levkáda • Kálamos • Kastós • Meganísi • Skorpiós • Itháki • Arkoúdi • Átokos • Drakonéra • Pístros • Prováti • Pontikós • Petalás • Vromónas • Mákri • Oxía • Kefaloniá • Zákynthos • Strofádes • Kýthira • Andikýthira  • Elafónisos