Érd
| Érd | ||
|---|---|---|
| Plassering | ||
|
|
||
| Styresmakter | ||
| Land Region Megye |
Sentral-Ungarn Pest fylke |
|
| Først nemnd i | 1243 | |
| Geografi | ||
| Flatevidd - By |
60,54 km² |
|
| Innbyggjarar - By (2005) - folketettleik |
60 546 1 000/km² |
|
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
|
| Diverse annan informasjon | ||
| Postnummer | 2030 | |
| Telefon-retningsnummer | 23 | |
| Heimeside: www.erd.hu | ||
Érd (tysk Hanselbeck, kroatisk Andzabeg) er ein by med fylkesrettar i Pest fylke i Ungarn. Byen ligg sentralt i landet og er ein del av storbyområdet til Budapest.
Historie [endre]
Området har vore busett sidan antikken. Arkeologiske funn viser at det var menneske her for 50 000 år sidan.
Érd vart først nemnd i dokument i 1243. Namnet kjem anten frå ordet erdő («skog») eller frå ér («elv»).
Under den osmanske okkupasjonen av Ungarn vart Érd erobra av tyrkarane i 1543, etter at borga i Székesfehérvár fall. Tyrkarane bygde ei motteborg og ein djami (moske) her. På denne tida vart staden kalla Hamzsabég. I 1684 klarte hæren leia av Karl IV av Lorraine å slå tyrkarane nær Érd.
I 1776 vart Érd ein oppidum (småby). Han kan óg ha vore oppidum før den osmanske okkupasjonen. Tidleg på 1900-talet vart Érd Károlyi-familien sin eigedom. Byen voks, men var hovudsakleg ein jordbruksby fram til 1972, då fleire nye bygningar vart ført opp og Érd byrja å trekke fleire turistar.
Érd var den byen som voks raskast i Ungarn mellom 1991 and 2001 (opp 30.6%). 7. november 2005 gav regjeringa Érd status som by med fylkesrettar.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Érd frå Engelsk Wikipedia .