Székesfehérvár

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Székesfehérvár
Flagget til Székesfehérvár Byvåpenet til Székesfehérvár
Flagget til Székesfehérvár Byvåpenet til Székesfehérvár


Plassering
Székesfehérvár is located in Ungarn
Styresmakter
Land
Region
Megye
Ungarn Ungarn
Sentral-Transdanubia
Fejér
Grunnlagd 972
Geografi
Flatevidd
 - By

170,89 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

101 465
  594/km²
Koordinatar 47°11′20″N 18°24′50″EKoordinatar: 47°11′20″N 18°24′50″E
Høgd over havet 118 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 8000
Telefon-retningsnummer 22
Heimeside: ww.szekesfehervar.hu

Székesfehérvár (uttalt Sekesjfehervar), ofte berre kalla Fehérvár på ungarsk, er ein by sentralt i Ungarn, om lag 65 km sørvest for Budapest. Han har like over 100 000 innbyggjarar og er fylkeshovudstad i Fejér fylke og regionssenter i Sentral-Transdanubia. I mellomalderen var byen ein kongeleg residens og den viktigaste byen i Ungarn. 37 kongar og 39 dronningar vart krona i byen og 15 regentar vart gravlagd her. Riksdagen i Ungarn og kronjuvelane vart og halde i byen.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet på byen tyder «kvitt slott med setet», som òg er namnet på andre språk, som t.d. det tyske Stuhlweißenburg. På kroatisk blir byen kalla Stolni Biograd, på serbisk Стони Београд, Stoni Beograd, på slovakisk Stoličný Belehrad og på polsk Białogród. Det latinske namnet er Alba Regia.

Ordet szék (som tyder «sete») er knytt til den viktige rolla byen hadde dei første hundreåra av Kongedømet Ungarn: székhely tyder ein (kongeleg) residens. Dei første kongane av Ungarn vart krona og gravlagd her, så Székesfehérvár var hovudstad av landet. Den andre hovudstaden var Esztergom.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Staden har vore busett sidan 400-talet fvt. I romartida låg det busetnadar her kalla Gorsium og Herculia. I mellomalderen var det latinske namnet Alba Regalis/Alba Regia. Byen låg ved eit viktig trafikknutepunkt mellom Balatonsjøen og Velenceisjøen, og fleire handelsruter frå Balkan og Italia til Buda og Wien gjekk forbi her.

Den ungarske byen vart grunnlagd i 972 av prins Géza på fire øyar i myrene mellom elvane Gaja og Sárvíz. Han bygde òg ei lita borg. Székesfehérvár vart først nemnd i eit dokument av biskopen av Veszprém i 1009 som Alba Civitas.

Géza sin son St. Stefan vart ikkje krona her fordi basilikaen først stod ferdig i 1039, eit år etter han døydde. Stefan gav busetnaden byrettar og fekk bygd ein bymur av tre rundt byen. Byen hadde rundt 3 500 innbyggjarar og var residens for kongen av Ungarn i fleire hundre år. 39 kongar vart krona i Székesfehérvár (den siste i 1526) og 15 kongar vart gravlagd her (den siste i 1540).

På 1100-talet blømde byen og det vart bygd kyrkjer, kloster og mange bygningar her. Han var ein viktig stoppestad langs pilegrimsreisa til det heilage landet. Andreas II la fram Den gylne bullen her i 1222. Bullen inneheldt rettane til adelen og pliktene til kongen, og den ungarske grunnloven var basert på bullen fram til 1848. Han vert ofte samanlikna med Magna Charta i England, som kom sju år tidlegare.

Under den mongolske invasjonen av Ungarn (12411242) klarte ikkje invasjonsstyrkane å nå fram til slottet på grunn av flaum frå smeltevatn i dei omliggande myrane. På 1200- til 1400-talet blømde byen og fleire palass vart bygd. På 1300-talet fekk Székesfehérvár bymurar.

Osmanarane okkuperte byen etter ei lang omleiring i 1543. Byen var under osmanarane i 145 år, fram til 1688, bortsett frå ein kort periode i 1601 då han vart gjenerobra. Osmanarane øydela det meste av byen, reiv ned katedralen og det kongelege palasset, og dei plyndra gravene til kongane i katedralen. Dei kalla byen Belgrade («kvitt slott») og bygde moskear. På 1500- og 1600-talet såg han ut som ein muslimsk by og dei fleste av dei opphavlege innbyggjarane flykta.

Byen byrja først å bløme att på 1700-talet, og hadde då ein blanda folkesetnad av ungarar, serbarar, tyskarar og herrnhuttarar. I 1703]fekk Székesfehérvár status som fri keisarby, men vart ikkje hovudstad igjen, for landet vart no styrt av Habsburg, som hadde sitt sete i Wien. På midten av hundreåret vart det bygd mange nye bygningar (Den fransiskanske kyrkja og klosteret, Jesuittkyrkjer, offentlege bygningar, barokke palass). Maria Theresa gjorde byen til eit bispesete i 1777.

15. mars 1848 vart innbyggjarane med i den ungarske revolusjonen mot Habsburgmonarkiet. Etter revolusjonen og sjølvstendekrigen vart Székesfehérvár mindre viktig og vart hovudsakleg ein jordbruksby. I denne perioden vart det oppretta mange fabrikkar.

Bory slott

Etter den andre verdskrigen vart byen industrialisert, og av dei viktigaste fabrikkane her var bussfabrikken Ikarus, radio og TV-fabrikken Videoton og aluminiumsverket Könnyűfémmű. I 1970-åra hadde Székesfehérvár meir enn 100 000 innbyggjarar (i 1945 hadde han berre om lag 35 000.) Det vart bygd mange nye bygg, men ein klarte å halde på den barokke atmosfæren i sentrum.

Mot slutten av sosialistregimet la mange av dei viktige fabrikkane ned og tusenvis mista jobbane sine. Byen klarte seg likevel godt som eit viktig trafikknutepunkt og den eksisterande infrastrukturen fekk mange utanlandske firma til å investere i Ungarn og Székesfehérvár vart ein av byane der multinasjonale selskap oppretta avdelingar. Ford og IBM er nokre av dei.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Székesfehérvár