Évariste Galois
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Evariste Galois (25. oktober 1811–31. mai 1832) var ein fransk matematikar. Han vart født i Bourg-la-Reine og døydde tjue år gammal i Paris etter ein duell.
Galois var den første som klarte å finne naudsynte og tilstrekkelege føresetnader for at løysingane til ei algebraisk likning kan uttrykkjast ved hjelp av rotuttrykk. I arbeida sine, som ikkje vart publisert før lengje etter han døydde, la han grunnlaget for det som i dag blir kalla Galoisteori, ei stor grein innan abstrakt algebra.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Évariste Galois» frå Wikipedia på bokmål, den 18. september 2011.
Bakgrunnsstoff [endre]
- matematikk.org Biografi: Évariste Galois
- O'Connor, John J., and Edmund F. Robertson. «Évariste Galois». MacTutor History of Mathematics archive
- The Galois Archive (Biografier, brev og andre tekster relatert til Galois)