Duell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Duell er nemninga på eit rituelt oppgjer mellom to partar, helst med bruk av våpen. Duellar vart for det meste utførte av høgtståande innanfor europeisk adel, for å bileggje tvistemål eller for å halde oppe ære. Dei "klassiske" duellane finn ein i nyare tid, gjerne frå renessansen og frametter.

Sverd-duellar kunne ha mykje sams med vikingtidas holmgang. Med tida vart desse utførte etter faste ritual, og sverd vart skift ut med kårde, særskilt laga for slikt bruk. Fleire av desse er skildra mellom anna av William Shakespeare og seinare av Alexandre Dumas. Av historiske personar som har mist livet i slik nærkamp kan ein nemne Peter Wessel Tordenskjold. I England vart denne typen duellantar kalla Swashbucklers.

Pistol-duellar vart meir vanlege utover på 1700-talet, då pistol kom i bruk. Her vart det vanleg å ha sekundantar, og ein brukte pistolar med eitt skot i løpet (flintlås). Her var vinnaren den som råka best etter tjue steg (førti meters hald).

I den amerikanske nybyggjartida vart desse duellane utvikla til kjappe revolveroppgjer, og duellmeistrane vart kalla gunslingerar. Her galdt det å trekke snøggast.

Opp mot nyare tid vart denne måten å gjera opp på gradvis forbode.

Folk som har falle i duell[endre | endre wikiteksten]

Litterære duellar[endre | endre wikiteksten]

  • Hamlet endar i eit oppgjer mellom Hamlet og Laertes. Utfallet er fatalt for dei begge.
  • Romeo og Julie krinsar mykje om duellen mellom Tybalt og Mercutio, seinare mellom Tybalt og Romeo. I dette skodespelet blir minst tre mann drepne i duell.
  • Twelfth Night brukar duell-grepet meir humoristisk, i det korkje heltinna Viola/Cæsario eller motstandaren Andrew Ague-cheek kan meistre våpna i særleg grad.
  • Dumas` bøker om dei tre musketerane har fleire duellar.
  • Teikneserien Lucky Luke syner ei rekkje revolverduellar av "vill vest"-typen, pluss ei scene med "klassisk britisk" duellering med pistol (Grønnskollingen). Lucky Luke vinn sjølvsagt alle oppgjer.
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!