Îles des Lérins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Île Sainte-Marguerite, inkludert Fort Royal og landsbyen Sainte-Marguerite.

Îles des Lérins er ei øygruppe på fire øyar i Middelhavet ved Den franske rivieraen nær Cannes. Dei to største øyane i gruppa er Île Sainte-Marguerite og Île Saint-Honorat. Dei mindre Îlot Saint-Ferréol og Îlot de la Tradelière er ikkje busett.

Administrativt høyrer øyane til kommunen Cannes.

Dei første busetnadane på øya som ein kjenner til er frå Romartida.

Île de Saint-Honorat har fått namn etter grunnleggjaren av klosteret på Lérins, St. Honoratus. Det vart grunnlagd i år 410. Det var i dette klosteret at St. Porcarius levde og truleg vart drepen under ein invasjon av saracenarar. I følgje historia skal St. Patrick, Irland sin vernehelgen, ha studert der på 400-talet.

Eit forsterka kloster vart bygd her mellom 1000- og 1300-talet. Klostersamfunnet i dag held til i eit kloster som vart bygd på 1800-talet.

Île Sainte-Marguerite har ei festning der Mannen med jernmaska vart halde fanga ei tid.

Under den franske revolusjonen vart øyane Île Sainte-Marguerite og Île Saint-Honorat kalla Île Marat og Île Lepeletier.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Îles des Lérins

Koordinatar: 43°30′54″ N 7°2′42″ E