Ózd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ózd
Plassering
Ózd is located in Ungarn
Styresmakter
Land
Region
Megye
Ungarn Ungarn
Nord-Ungarn
Borsod-Abaúj-Zemplén
Først nemnd i 1242
Geografi
Flatevidd
 - By

91,56 km²
Innbyggjarar
 - By (2001)
   - folketettleik

39 114
  427/km²
Koordinatar 48°13′00″N 20°18′00″EKoordinatar: 48°13′00″N 20°18′00″E
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 3600
Telefon-retningsnummer 48
Heimeside: www.ozd.hu


Ózd er ein by nord i Ungarn, nær grensa til Slovakia. Byen ligg i fylket Borsod-Abaúj-Zemplén og har om lag 40 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området har vore busett sidan antikken. Landsbyen Ózd vart først nemnd i 1242. Han låg ved Hangonybekken, like før bekken rann inn i elva Sajó.

Den moderne byen vart til ved at landsbyane Ózd, Bolyok og Sajóvárkony vart slått saman under sosialisttida i Ungarn då den nordlege delen av landet vart kraftig industrialisert. Medan ein hadde vunne ut jern i området sidan 1700-talet, blei det no bygd store jern- og stålverk. Då sosialisttida og subsidiar for tungindustri enda, slo det hardt inn på økonomien til Ózd, som fekk svært mange arbeidslause.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.