Ölgerðin Egill Skallagrímsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 64°7′24.856″N 21°48′6.0552″W

Ölgerðin Egill Skallagrímsson
Etablert 17. april 1913
Hovudkontor Reykjavík, Island
Bransje Bryggeri

Ölgerðin Egill Skallagrímsson er eit islandsk bryggeri i Reykjavík skipa i 1913. Selskapet starta opp som eit ølbryggeri, men har med åra starta produksjon av andre drikkevarer i tillegg. Selskapet driv òg import og distribusjon av utanlandske næringsmiddel til Island.[1] Ölgerðin Egill Skallagrímsson er eit av dei største og eldste selskapa på Island.[2]

Selskapet produserer, importerer og distribuerer eit stort utval av lokale og utanlandske drikkevarer på Island, mellom dei brennivín, Pepsi, 7up, Grape-fruit soda, Tuborg, Maltextract (Egils Malt), Egils Appelsín (appelsinbrus) og Egils Pilsner.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Bryggeriet er oppkalla etter den islandske vikinghøvdingen og skalden Egil Skallagrimson frå 900-talet, kjent gjennom Egilssoga.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bryggeriet vart etablert i Reykjavík den 17. april 1913 av Tómas Tómasson.[2]

Ölgerðin Egill Skallagrímsson vart i 2002 overtatt av selskapet Danól, som dreiv import av næringsmiddel. I 2008 vart selskapa slått saman under Ölgerðins namn og begge verksemdene er vidareført i det samanslåtte selskapet.[2]

Øl[endre | endre wikiteksten]

Ölgerðin Egill Skallagrímsson har produsert ei rekke ølmerke. Typisk under namnet Egils.[3] Det produserte òg Litli-Jón. Produksjonen av Litli-Jón opphøyrde i 2008.

Av produkt i 2011 kan ein nemne:

  • Egils Gull (5%)
  • Egils Sterkur (6,7%)
  • Egils Pilsner
  • Egils Premium
  • Egils Polar Beer

Bryggeriet har tradisjon for å brygge eigne jule- og påskeøl.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. About-Olgerdin hos olgerdin.is (engelsk)
  2. 2,0 2,1 2,2 About Olgerdin - History hos olgerdin.is (engelsk)
  3. Ölgerðin Egill Skallagrímsson hos ratebeer.com

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]