Reykjavík

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Reykjavík
Reykjavik sett frå Hallgrímskirkja
Reykjavik sett frå Hallgrímskirkja
Flagget til Reykjavík Byvåpenet til Reykjavík
Flagget til Reykjavík Byvåpenet til Reykjavík
Styresmakter
Land Island
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Storbyområde

274,5 km²
777 km²
Innbyggjarar
 - By (2008)
   - folketettleik
 - Storbyområde

120 165
  436,5/km²
201 847
Koordinatar 64°08′″N 21°56′″WKoordinatar: 64°08′″N 21°56′″W
Tidssone GMT (UTC+0)
Plassering
Plassering av  Reykjavík

Reykjavík er hovudstaden og den største byen på Island. Byen ligg på halvøya Seltjarnarnes inst i Faxaflói, i golde omgjevnader med utsyn til fjella kringom. Byen er økonomisk og kulturelt senter i landet.

Midt i Reykjavik ligg den vesle sjøen Tjörnin som bruker å vera delvis isfri vinterstid grunna det varme vatnet. I det nordvestre hjørnet ligg rådhuset i byen som vart reist 1992. I nærområdet ligg Alþingi som vart bygd i 1881 og domkyrkja frå 1800-talet. Busetnaden er tidvis usamanhengande og utgjer for det meste småhus i tillegg til blokker, som oftast er bygde i betong. Dei fleste husa vert varma opp med varmt vatn frå varme kjelder. På ei høgd sørvest for sentrum ligg Hallgrímskirkja, den største kyrkja på Island. Like føre kyrkja er det eit monument av Leiv Eiriksson som er ei gåve frå USA.

[endre] Folkesetnad

Folketalet i Reykjavík i 1. desember 2007 var 117 721 (58 762 menn og 58 959 kvinner). 196 161 menneske bur i hovudstaden med forstadene (Höfuðborgarsvæðið). I området kring byen ligg desse kommunane:

Historiske folketal:

  • 1801 - 600
  • 1860 - 1 450
  • 1901 - 6 321
  • 1910 - 11 449
  • 1920 - 17 450
  • 1930 - 28 052
  • 1940 - 38 308
  • 1950 - 55 980
  • 1960 - 72 407
  • 1970 - 81 693
  • 1980 - 83 766
  • 1985 - 89 868
  • 1990 - 97 569
  • 1995 - 104 258
  • 2003 - 113 387
  • 2007 - 117 721

[endre] Kjelder

[endre] Bakgrunnsstoff


Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk