Överhogdalstapeten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Veggteppa frå Överhogdal
Skip, ein detalj frå eit av veggteppa frå Överhogdal

Överhogdalstapeten (også Överhogdalsbonaderna eller Överhogdalsvävarna) er nemninga på fem biletteppe laga som veggteppe seint på tusentalet eller ellevehundretalet som vart funne i Överhogdal i Härjedalen i Sverige. Dei er no å sjå på Jämtlands läns museum i Östersund.

Veggteppa vart funne samansydde til eitt teppe av Jonas Holm i ei vedkasse i sakristiet i Överhogdal kyrka under ei renovering av kyrkja i 1909. Dei blei lagt på eit stabbur som høyrde til kyrkja, der kunstnaren Paul Jonze seinare fann dei og tok dei med til fylkesmannen.

Dei fem ulike biletteppa blei tidfesta saman i 2010 med radiokarbondatering til ei tid mellom 1040 og 1170. Ei tidfesting i 1991 etter same metode gav eit anna og større tidsspenn, mellom 800 og 1100.

Teppa er vovne i ullgarn med renning av lin. Kva bileta skal tyde, og om motiva er heidenske eller kristne, er omdiskutert. Somme ser bileta som ei skildring av kristninga av Härjedalen, andre som ei skildring av ragnarok, verdas undergang ifylgje norrøn mytologi.

Billetteppa høyrer framleis til Överhogdals kyrkje, sjølv om dei no er på Jamtli, Jämtlands läns museum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur

  • Franzén, Anne-Marie & Nockert, Margareta: Bonaderna från Skog och Överhogdal och andra medeltida väggbeklädnader, Almqvist & Wiksell international, Stockholm 1992. ISBN 91-7402-226-1.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]