Øvre Grindelwaldbreen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Oberer Grindelwaldgletscher | |
|---|---|
|
|
|
| Stad | Kantonen Bern, Sveits |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Lengd | 6 km |
Øvre Grindelwaldbreen (tysk Oberer Grindelwaldgletscher) er ein av to dalbrear sør for Grindelwald på nordsida av Bern-Alpane i Kantonen Bern i Sveits. Den andre er Nedre Grindelwaldbreen. Isbreen er om lag 6 km lang og dekkjer nesten 10 km².
Øvre Grindelwaldbreen stig opp frå eit stort snøfelt sør for Schreckhorn og nord for Wetterhorn. Bretunga er kring 1400 meter over havet og er ein av dei lågastliggande isbreane i Alpane.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Upper Grindelwald Glacier» frå Wikipedia på engelsk, den 5. november 2011.