Øyvind Torseter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Øyvind Torseter (fødd 2. oktober 1972) er ein norsk biletkunstnar, illustratør, teikneserieskapar og forfattar.

Han har illustratørutdanning frå Merkantilt Institutt i Oslo (1991–1992), Skolen for Grafisk Design i Oslo (1992–1994) og Kent Institute of Art and Design i Maidstone (1995–1998). Han har illustrert fleire biletbøker, blant anna den prisløna Klikk frå 2004 med eigen tekst.

Torseter arbeider både med tradisjonelle og digitale biletteknikkar, særleg med vekt på teikning. Han eksperimenterer og med grafiske effektar og tredimensjonale papirklipp. Teikningane i bøkene kan både vere illustrasjonar til ein handlingsorientert tekst, men og leik og eksperiment med fri teiknekunst som inneheld detaljar og historier med stort tolkingsrom. Torseter vert av mange sett som ein av Noregs fremste unge biletbokkunstnarar og teiknarar.[treng kjelde]

Øyvind Torseter bur og arbeider i Oslo.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Eigne bøker
  • 2002: Mister Random
  • 2004: On the road again, again
  • 2004: Klikk
  • 2005: For en neve havre
  • 2007: Avstikkere
  • 2009: Gravenstein
  • 2012: Hullet
Illustrasjonar til andre sine tekstar

Litterære prisar m.m. (utval)[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]