Þjórsá

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Þjórsá
Þjórsá ved Þverá í Gnúpverjahreppur
Þjórsá ved Þverá í Gnúpverjahreppur
Utspring Hofsjökull
Munning Atlanterhavet
Land i nedslagsfelt Island sitt flagg Island
Lengd 230 km
Middelvassføring 360 m³/s

Þjórsá (utt. thjours-ao) er den lengste elvaIsland. Ho er 230 km lang, startar frå breen Hofsjökull og renn mot sør. Elva endar i Atlanterhavet vest for Þykkvabær med ei middelvassføring på 360 m³/s. Þjórsá er grense mellom Rangárvallasýsla og Árnessýsla og er samtidig smittevernslinje for bufe.

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Det er to bruer over elva, ei ved Þjórsártún og ei anna rett nedanfor kraftverket Sultartangjavirkjun. Den gamle brua ved Þjótandi blei tatt i bruk i 1895 og reparert i 1949. Den nye brua blei opna i 2003 og er omtrent ein kilometer unna den andre.

I tillegg er det nokre vadestader ved elva, verdt å nemne er Nautavað ved Þjórsárholt og Hagavað ved garden Hagi.

Den gamle Sprengisandsleia gjekk inn gjennom Gnúpverjaafréttur og over Þjórsá ved vadet tvers av Sóleyjarhöfði aust for elva. På vestsida her er det ei fjellstue (med namnet Bólstaður) for turgåarar som kjem frå Gnúpverjahreppur.

Kraftverk[endre | endre wikiteksten]

Det er to vasskraftverk i Þjórsá: Búrfellsvirkjun og Sultartangavirkjun. I tillegg er Búðarhálsvirkjun under bygging og på teiknebordet er det enda to: Núpsvirkjun og Urriðafossvirkjun. Dette gjer at elva er den viktigaste produsenten av vasskraft på Island.

Fossar[endre | endre wikiteksten]

Det er fleire fossar i Þjórsá fossar. Sett frå starten er dei: Kjálkaversfoss, Dynkur, Gljúfurleitarfoss, Tröllkonuhlaup, Þjófafoss, Minna-Núps flúðir, Búðafoss og Hestfoss på kvar side av Árnes og til slutt Urriðafoss.

Sjå óg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]