IJmuiden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
IJmuiden
by
Land  Nederland
Folketal 48 320 (2009)
Kart
IJmuiden
52°27′31″N 4°37′10″E / 52.4586°N 4.6194°E / 52.4586; 4.6194
IJmuiden i Velsen kommune
IJmuiden i Velsen kommune
IJmuiden i Velsen kommune
Wikimedia Commons: IJmuiden

IJmuiden (nederlandsk uttale ˌɛi̯ˈmœy̯də(n)) er ein by i provinsen Noord-Holland i Nederland, og er administrasjonsstad for kommunen Velsen. Byen har 30 466 innbyggarar (2005). Han ligg rundt 10 km nord-nordvest for Haarlem, og rundt 20 kilometer frå Amsterdam. IJmuiden ved munningen til Noordzeekanalen, som renn ut i Nordsjøen her gjennom store slusar. Det meste av folkesetnaden bur sør for kanalen, på nordsida ligg eit stålverk og busetnaden Velsen-Noord. Namnet «IJmuiden» tyder bokstaveleg ‘munningen av IJ’, og blei teke i bruk på 1800-talet då denne delen av Noordzeekanalen blei fullført.

IJmuiden har fleire hamner, mellom anna ei fraktehamn, ei fiskehamn og ei fritidsbåthamn. Djupvasshamna har plass til fullasta Panamax-skip. I byen finst òg eit stålverk.

DFDS Seaways har ei rute mellom Amsterdam og Newcastle (Port of Tyne) via IJmuiden.

The North Sea Race, ei årleg yacht-tevling på 210 nautiske mil (390 km), byrjar Scarborough i England og endar i IJmuiden.

Kjente personar frå byen[endre | endre wikiteksten]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: IJmuiden