Ślęza

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg artikkelen om fjellet Ślęża

Ślęza (tysk: Lohe) er ei 78,6 km lang elv i Nederschlesen sør i Polen og ei av sideelvane til Oder frå venstre. Ho spring ut frå Niemczaåsane (Wzgórza Niemczańskie), ein del av Sudetane (Przedgórze Sudeckie), og renn forbi fjellet Ślęża i Det schlesiske låglandet (Nizinia Śląska). Ho munnar ut i Oder i Wrocław.

Den viktigaste sideelva hennar er Mała Ślęza (Vesle Ślęza). Av byar langs elva finn ein Niemcza, Tyniec nad Ślęzą, Jordanów Śląski og Wrocław.

Namnet kjem truleg frå eit schlesisk ord som tyder «våt, myrlendt stad». I ein pavebulle frå Hadrian IV i 1155 vert elva kalla Selenza.

Merk at namnet på elva vert skrive utan det diakritiske punktet som fjellet Ślęża vert skrive med. Dette gjer at namnet på fjellet får ein «zj»-lyd på norsk, medan elva berre har ein «z»-lyd