Oder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Oder
Oder mellom Kienitz og Zollbrücke i Tyskland
Oder mellom Kienitz og Zollbrücke i Tyskland
Utspring Oderské vrchy i Tsjekkia
Munning Stettiner Haff i Austersjøen i Polen
Land i nedslagsfelt Tsjekkia, Tyskland, Polen
Lengd 854 km
Middelvassføring 574 m³/s
Nedslagsfelt 118 861 km²
Oder sett frå Zigenwerder øy i Frankfurt an der Oder i Tyskland til Słubice i Polen.
Neisse munnar ut i Oder.

Oder (på tsjekkisk, slovakisk og polsk Odra) er ei elv i Sentral-Europa. Ho har sitt ustpring i Tsjekkia, og renn gjennom vestlege delar av Polen, og dannar etter kvart den nordlege grensa, i 187 km, mellom Polen og Tyskland. Elva munnar ut i Stettiner Haff nord for Szczecin, og delar seg opp i tre greiner (Dziwna, Swina og Peene), som munnar ut i Austersjøen.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Elva vert kalla Oder eller Odra på dei fleste språk, men andre variantar er mellom anna ungarsk Odera; klassisk latin Viadrus, Viadua; mellomalderlatin: Od(d)era.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Oder er 854 km lang. 112 km av ho renn i Tsjekkia, medan 742 renn i Polen (inkludert 187 km langs grensa til Tyskland). Ho er den nest lengste elva i Polen (etter Vistula), og har eit nedslagsfelt på 118 661 km², 106 056 av dette er i Polen (89 %), 7 217 i Tsjekkia (6 %) og 5 587 i Tyskland (5 %). Via kanalar er elva forbunde med Havel, Spree, Vistula og Kłodnica. Ho renn gjennom Schlesiske, Opole, Nederschlesiske, Lubusz og Vestpommerske voivodskap i Polen, og bundeslanda Brandenburg og Mecklenburg-Vorpommern i Tyskland.

Hovudgreina av elva munnar ut i Stettiner Haff. Stettiner Haff er ein lagune avgrensa av øyane Usedom (vest) og Wolin (aust) i nord. Mellom desse to øyane er det berre ein smal kanal (Świna) som går ut til Pommernbukta, som er ei bukt i Austersjøen.

Den største byen ved Oder er Wrocław.

Skipsfart[endre | endre wikiteksten]

Oder er framkomeleg det meste av lengda si, heilt opp til landsbyen Koźle, der elva er forbunde med Gliwickikanalen. Dei øvre delane av elva er kanalisert slik at større lasteprammar kan segle mellom industriområda rundt Wrocław-området.

Lenger nede i elva strøymer ho fritt, og passerer byane Eisenhüttenstadt (der ein kanal knyter elva til Spree i Berlin) og Frankfurt an der Oder. Nedanfor Frankfurt kan mindre fartøy gå opp langs elva Warta til Poznań og Bydgoszcz. Ved Hohensaaten knyter Havel-Oder-Wasserstrasse igjen Oder til vassvegane til Berlin.

Nær munningen av Oder ligg byen Szczecin, ei større hamn. Elva når til slutt Austersjøen via Stettiner Haff og elvemunningen ved Świnoujście.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Elva i Germania Magna var kjend for romarane som Viadrus eller Viadua, og var ein del av Ravvegen mellom Austersjøen og Romarriket. På tysk har elva vorte kalla Oder i alle tider, men på latin i mellomalderen vart ho i nedskrivne kjelder nemnd som Odera eller Oddera. Ho vart mellom anna nemnd i Dagome iudex, som skildra landområda til Hertug Mieszko I rundt 990 og Oda von Haldensleben.

Oder var ei viktig handelsrute og landsbyane i Germania vart dokumentert i lag med dei mange stammene som budde mellom elvane Elbe, Oder og Vistula. Bayerske geografar (rundt 845) nemner folkegrupper som schlesarar, dadoshanarar, opolanarar, lupiglaa og golenshitse i Schlesen og wolinarar og pyrzycanarar i Vest-Pommern. Eit dokument av bispedømet i Praha (1086) nemner zlasanarar, trebovyanarar, poboranarar og deodsitzanarar i Schlesen.

På 1200-talet vart den første demninga bygd for å verne jordbruksområda.

Etter den andre verdskrigen danna Oder og Neisse Oder-Neisse-linja, som vart den nye grensa mellom Tyskland og Polen. Tyske folkesetnadar aust for desse to elvane vart jaga vestover.

Byar og landsbyar[endre | endre wikiteksten]

Oder i Police

Hovudleiet:

Ostrava - Bohumín - Racibórz - Kędzierzyn - Krapkowice - Opole - Brzeg - Oława - Jelcz - Wrocław - Brzeg Dolny - Ścinawa - Szlichtyngowa - Głogów - Bytom Odrzański - Nowa Sól - Krosno Odrzańskie - Eisenhüttenstadt - Frankfurt an der Oder - Słubice - Kostrzyn - Cedynia - Schwedt - Vierraden - Gartz - Gryfino - Szczecin - Police

Dziwna-greina (mellom øya Wolin og fastlandet i Polen):

Wolin - Kamień Pomorski - Dziwnów

Świna-greina (mellom øyane Wolin og Usedom):

Świnoujście

Stettiner Haff:

Nowe Warpno - Ueckermünde

Peene-greina (mellom øyane Usedom og det tyske fastlandet):

Usedom - Lassan - Wolgast

Sideelvar[endre | endre wikiteksten]

Frå høgre[endre | endre wikiteksten]

Ostravice - Olza - Ruda - Bierawka - Kłodnica - Czarnka - Mała Panew - Stobrawa - Widawa - Jezierzyca - Barycz - Krzycki Rów - Obrzyca - Jabłonna - Pliszka - Ołobok - Gryzynka - Warta med Noteć - Myśla - Kurzyca - Stubia - Rurzyca - Tywa - Płonia - Ina - Gowienica

Frå venstre[endre | endre wikiteksten]

Opava - Psina - Cisek - Olszówka - Stradunia - Osobłoga - Prószkowski Potok - Nysa Kłodzka - Oława - Ślęza - Bystrzyca - Średzka Woda - Cicha Woda - Kaczawa - Ślepca - Zimnica - Dębniak - Biała Woda - Czarna Struga - Śląska Ochla - Zimny Potok - Bóbr - Olcha - Racza - Neisse

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Oder River

Kjelde[endre | endre wikiteksten]