Šabac

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Šabac
Byvåpenet til Šabac
Byvåpenet til Šabac


Plassering
Šabac is located in Serbia
Styresmakter
Land Flag of Serbia.svg Serbia
Region Sentral-Serbia
Distrikt Mačva
Borgarmeister Miloš Milošević
Geografi
Flatevidd
 - By

795 km²
Innbyggjarar
 - Totalt
   - folketettleik
 - Byområde

122 893
  154,6 /km²
55 163
Koordinatar 44°45′0″N 19°42′0″EKoordinatar: 44°45′0″N 19°42′0″E
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 15000
Bilnummer ŠA
Nettstad: www.sabac.org

Šabac (serbisk Шабац) er ein by og ein kommune i Serbia langs elva Sava i den historiske regionen Mačva. Han er det administrative senteret i Mačva distrikt. Byen har om lag 55 000 innbyggjarar, medan kommunen har om lag 125 000 innbyggjarar. Byen fekk byrettar i 2007 etter ei avgjersle i nasjonalforsamlinga i Serbia.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den første busetnaden her går tilbake til mellomalderen, og han vart første gong nemnd i skriftlege kjelder i 1454 som Zaslon. Han var ein del av den slaviske serbiske staten fram til området vart underlagt Det osmanske riket. I 1470 bygde tyrkarane den første festninga i byen og kalla han Bejerdelen. I 1476 okkuperte den ungarske kongen Matthias festninga og han verande under Ungarn fram til 1521. Festninga kom igjen tilbake til Det osmanske riket, men med ei forholdsvis viktig plassering, vart ho fleire gonger erobra av Austerrike. Grensebyen var òg viktig for handel i området.

Byen vart viktig i serbisk historie i det første serbiske opprøret i 1806. Dette året leia Karađorđe Petrović serbiske opprørarar til ein av dei første sigrane over den tyrksie hæren nær landsbyen Mišar, som ligg nær Šabac. Familien Obrenović har òg sett sitt preg på byen. Jevrem Obrenović, bror til fyrst Miloš Obrenović, moderniserte og urbaniserte byen etter det andre serbiske opprøret. I den første tida, frå 1820- til 1840-åra, vart dei første sjukehuset, apoteket, skulen, gymnaset, teateret og musikarsamfunnet bygd i Šabac.

Tyrkarane forlet til slutt festninga i Šabac i 1867. Den første avisa i byen vart trykt i 1883 og byen vart den første staden i Serbia der kvinner fekk vitje kafeane. Byen blømde fram til den første verdskrigen, då han vart kraftig øydelagd og folketalet vart halvert til om lag 7000. Byen er hugsa for slaget på fjellet Cer i nærleiken, der den serbiske armeen under Stepa Stepanović vann ein tidleg siger mot Austerrike-Ungarn i august 1914, den første allierte sigeren i krigen. Etter krigen vart Šabac æra med den franske krigskrossen med sigerspalme (1920), den tsjekkoslaviske krigskrossen (1925) og Karađorđe-ordenen si stjerne med sverd (1934).

I perioden under det sosialistiske Jugoslavia utvikla byen seg vidare. Den kjemiske fabrikken Zorka opna i Šabac i 1938. Under den andre verdskrigen var byen okkupert av Nazi-Tyskland. 5000 innbyggjarar frå byen vart sett inn i Šabac konsentrasjonsleir, i lag med 20 000 fleire, og rundt 7000 menneske mista livet her. Byen vart til slutt frigjeven av partisanar i 1944.

Etter den andre verdskrigen voks Šabac til ein moderne industriby rundt den kjemiske fabrikken Zorka.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]