Sava

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sava
Solnedgang over Zagreb og Sava
Solnedgang over Zagreb og Sava
Utspring Planica i Slovenia (som Sava Dolinka)
- Høgd 1 222 m
Munning Donau ved Beograd i Serbia
Land i nedslagsfelt Slovenia, Kroatia, Bosnia-Hercegovina, Serbia
Lengd 990 km (med Sava Dolinka)
Middelvassføring 1,722 m³/s
Nedslagsfelt 95 719 km²
Sideelvar Bosna, Drina, Una
Renn gjennom Ljubljana, Zagreb, Beograd
Kart over Sava sitt nedslagsfelt.

Sava (serbisk Сава, tysk Save, Sau; ungarsk Száva) er ei elv i Søraust-Europa, og ei av dei store sideelvane til Donau frå høgre. Ho er 945 km lang med eit nedslagsfelt på 95 719 km². Ho renn gjennom fire land: Slovenia, Kroatia, Bosnia-Hercegovina (utgjer den nordlege grensa) og Serbia.

Lengd[endre | endre wikiteksten]

Sava har sitt utspring frå to elvar, Sava Dolinka (venstre) og Sava Bohinjka (høgre), som renn i hop mellom dei slovenske landsbyane Lesce og Radovljica. Frå her og til ho munnar ut i Donau ved Beograd i Serbia er ho 945 km lang (der 206 km er i Serbia). Med Sava Dolinka frå dei nordvestlege alpeområda i Slovenia er ho 990 km.

Via Donau renn vatnet frå Sava ut i Svartehavet, og ho er den lengste sideelva til Donau frå høgre, og den nest lengste totalt, etter Tisa. Ho var ein gong den lengste elva som rann innanfor Jugoslavia, men etter oppdelinga av landa i 1991 renn ho no gjennom fire land.

Savicafossen, kjelda til Savica

Utspring[endre | endre wikiteksten]

Den 45 km lange Sava Dolinka har sitt utspring som bekken Nadiža i Planica-dalen nedanfor Zadnja Ponca i Dei juliske Alpane, i ei høgd på 1 222 meter nær grensa til Italia. Bekken forsvinn under jorda, og etter 5 km dukkar han opp igjen i ei høgd på 842 meter i Zelenci, nær Kranjska Gora. Ei av sideelvene her er Radovna, som renn gjennom eit vakkert gjel kalla Blejski Vintgar. Sava Dolinka renn vidare gjennom byane Kranjska Gora, Gozd Martuljek, Jesenice, nær Bled og Lesce. Den første av ei rekkje vasskraftverk på elva, Moste (22,5 MW) ligg nær Žirovnica.

Den kortare, 31 km lange, Sava Bohinjka har sitt utspring ved Komarča-ryggen i ei høgd på 805 meter frå undergrunnskjelder frå Triglavdalen. Fram til Bohinjsjøen vert elva kalla Savica («litle Sava»), og har eit 60 meter høgt fossefall («Slap Savice») ved kjelda si. Ho renn så gjennom Ukanc-gjelet, der ein har bygd eit vasskraftverk, Savica (3 MW). Ho renn så inn i Bohinjsjøen og dannar små delta. Etter dette renn ho vidare som Sava Bohinjka og gjennom Bohinjska Bistrica, Bohinjska Bela og nær Bledsjøen, før ho renn i hop med Sava Dolinka nær Radovljica.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sava munnar ut i Donau nær Beograd

Sava har eit nedslagsområde på 95 719 km², inkludert 115 km² i nordlege område av Albania. Middelvassføringa ved Zagreb i Kroatia er 255 m³/s, medan ho ved Beograd har samla opp 1 722 m³/s. Ho vert òg svært djup, opp til 28-30 m nær landsbyane Hrtkovci og Bosut i Serbia. I Serbia vert det danna fleire store elveøyar (adas), inkludert Podgorička ada nær Provo og den 2,7 km² store Ada Ciganlija i Beograd, den mest populære feriestaden i Beograd. Øya er forbunde til høgre sida av elva med tre vegfyllingar som skapar ein kunstig innsjø kalla Savasjøen med eit areal på 0,8 km². Han vert òg kalla Beogradsjøen og vert vitja av opp til 350 000 personar kvar sommar.

Elva har stort potensial for straumproduksjon i den øvre delen sin, opp mot 3,2 (inkludert sideelvane 4,7) milliardar kWh, som ikkje har vorte nytta før dei siste åra. Utanom dei to allereie nemnde vasskraftverka ligg det eit tredje vasskraftverk, Medvode (17,8 MW) nær Ljubljana. Det er òg fleire vasskraftverk under konstruksjon, og Boštanj-kraftverket er allereie ferdig.

Elveleiet er stort sett ikkje regulert, og dette skapar stundom flaum, som kan råke så mykje som 5 000 km² av svært frodig jord (Posavina, Savadalen). I 1981 og april 2006 rann Sava over og skapte flaum i lågare delar av Beograd. I 1977 og 1980 vart det signert ein statleg avtale om regulering av elva for å hindre flaum, ved å byggje nye vasskraftverk, og avtalar om å gjere elva framkomeleg opp til Zagreb og økologisk vern av elva. Tidssfristen vart sett til år 2000, men det var ikkje gjort så mykje sidan Jugoslavia braut saman i 1991.

Aust for Ljubljana renn Sava gjennom eit 90 km langt gjel og etter dette ut på Krškosletta (Krško polje). Då Den pannoniske sjøen trekte seg tilbake voks Sava seg lenger og lenger, og grov ut Savagrøfta (Savski rov). I lag med dei lågare delane av dei bosniske sideelvane hennar danna ho eit svært flodområde. Sava er heile 680 meter brei ved Šabac (og 280 meter ved munningen) og etter dette byrjar ho å bukte seg, og fleire gongar i historia har ho endra løp. Gamle elveløp har vorte til myrområde og små tjern kalla mrtvaja (dødt vatn) og starača (gamalt vatn) på serbisk. Den mest kjende av desse er eit av dei større tjerna i Serbia, og eit av dei største fuglereservata i Europa, Obedska bara.

Store sideelvar[endre | endre wikiteksten]

Kart som viser dei største sideelvane.

Frå høgre: i Slovenia: Sora, Ljubljanica, Mirna og Krka; i Kroatia: Kupa og Sunja; på grensa mellom Kroatia og Bosnia-Hercegovina: Una; i Bosnia: Vrbaška, Vrbas, Ukrina, Bosna, Brka, Tinja, Lukovac og Dašnica; på grensa mellom Bosnia-Hercegovina og Serbia: Drina; i Serbia: Jerez, Kolubara og Topčiderska;

Frå venstre: i Slovenia: Kokra, Kamniška Bistrica og Savinja; på grensa mellom Slovenia og Kroatia: Sotla; i Kroatia: Lonja og Orljava; i Serbia: Bosut;

Busetnadar[endre | endre wikiteksten]

Sava går gjennom tre europeiske hovudstader: Ljubljana i Slovenia, Zagreb i Kroatia og Beograd i Serbia. Sjølv om Ljubljana vart bygd rundt Sava si sideelv Ljubljanica, vart byen større og inkluderte etter kvart landsbyar ved Sava, så Sava renn no gjennom utkanten av Ljubljana (på same måte som Sarajevo voks rundt elva Miljacka og etter kvart urbaniserte område lenger vest ved elva Bosna). I både Zagreb og Beograd delar ho gamle og nye delar av byen (Zagreb-Novi Zagreb, Beograd-Novi Beograd). Etter Ljubljana renn Sava gjennom Litija og det kraftig industrialiserte området Zasavje, inkludert byar som Zagorje ob Savi, Trbovlje og Hrastnik, og vidare forbi Zidani Most til Radeče, Sevnica, Krško, Brežice og Čatež før ho kryssar grensa til Kroatia. Ho renn gjennom Zagreb og held fram gjennom Sisak, der Kupa munnar ut, og Jasenovac, der ho dannar grensa mellom Bosnia-Hercegovina og Kroatia, som har mange doble busetnadar på kvar side av grensa (og elva): Gradiška/Stara Gradiška, Srbac/Davor, Bosanski Kobaš/Slavonski Kobaš, Bosanski Brod/Slavonski Brod, Bosanski Šamac/Slavonski Šamac, Orašje/Županja og Brčko/Gunja. Lik etter renn ho inn i Serbia, og mellom anna gjennom Sremska Rača, Sremska Mitrovica, Klenak og Šabac. Ho renn så inn i forstadane til Beograd, Zabrežje, Obrenovac, Umka og Ostružnica før ho til slutt munnar ut i Donau i sjølve Beograd.

Skipsfart og trafikk[endre | endre wikiteksten]

593 km av Sava er framkomeleg, frå munningen ved Donau til munningen av Kupa ved Sisak. Mindre fartøy kan segle heilt opp til Zagreb, men planar om å mudre opp elveleiet slik at òg større fartøy kan kome hit er skrinlagd.

I Savadalen ligg òg jarnbanen og motorvegen mellom Beograd og Zagreb, og olje- og gassrøyrleidningar frå Kroatia til Serbia. På grunn av denne tunge trafikken og den tette busetnaden langs elva, er ho svært forureina, og det er gjort lite for å betre forholda.

Tradisjon[endre | endre wikiteksten]

«Krst pri Savici» (Dåpen til Savica) er eit heltedikt skrive av den slovenske poeten France Prešeren.

Namnet Sava vart svært vanleg hos slavarane, særleg som førenamn for både kvinner og menn. Namnet på elva er derimot ikkje slavisk, men kjem frå latin, og romarane kalla ho Savus.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Ifølgje enkelte representerer Sava den nordvestlege grensa til Balkan, men i samband med at det politiske klimaet har endra seg, har òg denne grensa endra seg. Under Jugoslavia vart heile Sava (og til og med Triesteområdet i Italia) rekna som ein del av Balkan. Etter oppdelinga av Jugoslavia, har derimot Slovenia og Kroatia prøvd å kvitte seg med stempelet som balkanstatar, slik at grensa vart sett langs Sava og Kupa og til Adriahavet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Mala Prosvetina Enciklopedija, Third edition (1985), Vol. I (for Balkan peninsula) & III (for Sava river); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2
  • Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sava