Štajerska

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Štajerska (i raudt) er ein av fem historiske regionar i Slovenia.

Štajerska tysk Untersteiermark, latin Styria) er ein historisk region nordaust i Slovenia, som utgjer den sørlege tredjedelen av det tidlegare hertugdømet Steiermark.

Hertugdømet Steiermark eksisterte som ein politisk eining frå 1100-talet til 1918, då han vart delt inn i tra tradisjonelle regionar. Den nordlege delen av det tidlegare hertugdømet utgjer i dag Steiermark i Austerrike, medan den sørlegaste tredjedelen hovudsakleg hadde slovensktalande innbyggjarar, og vert òg kalla Nedre Steiermark.

Štajerska har ikkje i dag noko offisiell status som administrativ eining i Slovenia, men namnet vert ofte nytta i uformelle samanhengar. I 2005 vart Slovenia delt inn i tolv statistiske regionar, og det meste av Štajerska er i dag delt inn i regionane Podravje (Podravska regija) og Savinjsko (Savinjska regija).

Det kulturelle og økonomiske senteret i Štajerska har alltid vore byen Maribor (tysk Marburg an der Drau). Andre store byar i regionen er Celje (tysk Cilli), Ptuj (tysk Pettau), Velenje (tysk Wöllan), Sevnica (tysk Lichtenwald), Brežice (tysk Rann) og Slovenj Gradec (tysk Windisch-Graz)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Štajerska