Švėtė

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Švėtė
Utspring Šiauliai fylke
Munning Lielupe
Land i nedslagsfelt Litauen og Latvia
Lengd 123 km
Middelvassføring 2,7 m³/s
Nedslagsfelt 2 295 km²

Švėtė (latvisk Svēte) er ei elv nord i Litauen og sør i Latvia med ei lengd på 123 km. Ho har kjelda si nær Tulominai, om lag 16 km søraust for Kuršėnai. Elva renn gjennom Šiauliai og Joniškis fylke og passerer Žagarė nær grensa til Latvia. Ho er ei av sideelvane til Lielupe og renn ut i denne elva 8 km nordvest for Jelgava. Lielupe renn vidare mot Austersjøen.

Dei øvre delane av Švėtė kan tørke heilt inn i tørre somrar. Dei største sideelvane hennar er Šakyna, Žarė, Tervete, Bērze, Žvairilas, Bukiškis, Juodupis, Katmilžis og Vilkija.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Švėtė

Kjelder[endre | endre wikiteksten]