ב

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hebraisk alfabet

א ב ג ד ה
ו ז ח ט י
כ ל מ נ ס
ע פ צ ק ר
ש ת

ב, eller bét, er den andre bokstaven i det hebraiske alfabetet. Lydverdien til bét er stemd bilabial lukkelyd når han har dagésj, og bokstaven blir da gjerne transkribert som «bb» eller «b». Ein bét utan dagésj kan uttalast anten som «b» (vanleg blant sefardím frå Vest-Europa, Algerie og Syria), som «w» (sefardím frå Gibraltar og témaním (jemenittiske jødar) eller som «v» (vanleg blant sefardím frå Marokko og Balkan, blant askenasím og i moderne israelsk hebraisk). Bét har talverdien to.