Talet 2

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Talet 2
i ulike talsystem:
10 binært
2 oktalt
2 desimalt
2 heksadesimalt
II romartal

Talet 2 (to) er det minste primtalet. I heiltalsrekkja kjem det etter talet éin og før talet tre.

Talet to kan indikerast med prefiksa bi- (frå latin), du(o)- (frå latin), di- (frå gresk) eller tvi- (frå norrønt tví-).

Ordenstalet som svarar til talet to, er andre (2.).

I grammatikken blir særskilde former for to-tal kalla dualis.