.380 ACP

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

.380 ACP er ein patron utvikla av John Browning og introdusert i 1908 av Colt i ein .380-variant av Colt 1903 i kaliber .32 ACP. Kaliber .380 ACP vart til liks med .32 ACP utvikla for blow-back-pistolar som ikkje hadde nokon løpslåsingsmekanisme. Rekylfjøra er nok til å ta seg av energien som blir utløyst av skotet og som driv sleiden og sjølvladesystemet. Dette forenklar produksjonen av pistolar og reduserer med det kostnaden.

Kaliber .380 ACP var det kaliberet som var foretrekt til politibruk i Europa i mange år, attåt og til avløysing av .32 ACP. Men han er no i stor grad erstatta av kaliber 9 mm Parabellum. Kaliber .380 ACP liknar 9 mm Makarov utvikla i Sovjetunionen, men den sistnemnde er litt kraftigare.

Av andre kjende pistolar enn Colt 1903 (1908) som bruka .380 ACP (eventuelt attåt ein .32 ACP-variant) kan nemnast FN Browning 1910 og Beretta 1934.

.380 ACP er kompakt og lett i vekt og er ein populær patron til sjølvforsvar for dei som ønskjer lett rekyl. Han er om lag så kraftig som revolverpatronen kaliber .38 Special, og noko kraftigare enn .32 ACP. Kva som er «nok» til sjølvforsvarsbruk er det delte meiningar om, der det delvis er slik at mange i USA meiner desse kalibra er for spede, medan mange i Europa meiner dei held i massevis.

Firma som lagar pistolar for denne patronen marknadsfører dei somtid spesielt for kvinner , og legg da vekt på den lettare rekylen dei har enn pistolar med kraftigare ammunisjon.

Attåt kaliber .380 ACP (Automatic Colt Pistol, fordi det først vart bruka i Colt 1903/1908), blir kaliberet kalla 9x17 mm (som det faktisk er), 9 mm kort på norsk, 9 mm kurz på tysk, 9 mm corto på italiensk, 9 mm court på fransk, 9 mm short på engelsk, osv. Dessutan 9 mm Browning short etter han som skapte denne patronen.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Engelskspråkleg wikipedia (i hovudsak)