Aalborg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aalborg
Nytorv i Aalborg
Nytorv i Aalborg
Styresmakter
Land
Region
Danmark
Region Nordjylland
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2006)

122 794
Koordinatar 57°02′06″N 9°55′52″EKoordinatar: 57°02′06″N 9°55′52″E
Diverse anna
Heimeside: aalborg.dk

Aalborg eller Ålborg er den fjerde største byen i Danmark, etter København, Aarhus og Odense, regionsenter i Region Nordjylland, og har eit folketal på 122 794 (2006). Dei tidlegaste busetnadane går heilt tilbake til rundt år 700. Byen ligg ved Limfjorden, opphavleg på sørsida, men femnar no òg om den tidlegare sjøvlstendige byen (kjøpstaden) Nørresundby på nordsida av sundet.

Byen var ei viktig hamn i mellomalderen og vart seinare eit industrisenter med mellom anna sementfabrikkar. I dag er byen i ein overgangsfase får å vere ein arbeiderklasse- og industriby, til å verte ein by som baserer seg på meir kunskapsorienterte verksemder. Ei av dei viktigaste drivkreftene for denne overgangen er Aalborg universitet, grunnlagd i 1974.

Byen er i dag kjend for snaps, og De Danske Spritfabrikker vart grunnlagd i 1881 av C. F. Tietgen og C. A. Olesen.

Aalborg tårn står på ei høgd i byen, og gjev eit flott utsyn over byen med ei høgd på over 100 meter.

Aalborg er trafikkknutepunkt for europavegane E39 og E45