Aarhus rådhus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aarhus rådhus
Foto: Nils Jepsen
Aarhus rådhus interiør
Foto: seier+seier
Aarhus rådhus interiør
Foto: seier+seier

Aarhus rådhus er rådhuset i ÅrhusJylland i Danmark. Rådhuset vart innvia 2. juli 1941 og er teikna av arkitektane Arne Jacobsen og Erik Møller. Oppføringa av rådhuset vart vedtatt på byrådsmøte 18. november 1937. Aarhus rådhus vart freda i mars 1994 på grunn eineståande arkitektur. I det første prosjektforslaget var rådhuset utan tårn, men etter stort folkeleg press vart det teikna inn eit rådhustårn.

Prisen var åtte millionar danske kroner, inkludert grunnarealet. I tillegg kom utgifter til inventar på 1,5 millionar danske kroner.

Rådhuset har eit areal på 19 380 m², inkludert kjellar. Romfanget er på kring 10 000 m³. Tårnet er 60 meter høgt, tårnuret har ein diameter på 7 meter; timevisaren er 2,5 meter og minuttvisaren 3 meter lang.

Bygningen er laga i heilstøypt betong som utvendig er kledt med 6000 m² marmorplater frå Porsgrunn i Noreg.

I januar 2006 vart Aarhus rådhus tatt med under arkitektur i Kulturkanonen. [1]

Tidlegare rådhus[endre | endre wikiteksten]

Det første rådhuset[endre | endre wikiteksten]

Det første rådhuset vart oppført på midten av 1400-talet og låg på Store Torv framfor Århus domkirke sitt tårn. Det var rive i 1859.

Det andre rådhuset[endre | endre wikiteksten]

Det gamle rådhuset, nå Kvindemuseet.
Foto: Nils Jepsen

Det andre rådhuset vart oppført i åra 1856–1857 på hjørnet av domkyrkjeplassen og Mejlgade. Offisielt var det eit rådhus, domhus og arresthus, med plass til 28 arrestantar. Etter tida som rådhus var bygningen politistasjon i perioden 1941–1984, og deretter flytta Kvindemuseet i Danmark inn.

Også dette huset er freda.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Om Aarhus rådhus frå Den danske kulturkanonen, arkitektur side 23-24

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Aarhus rådhus

Koordinatar: 56°9′9.43″N 10°12′11.52″E