Abakan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Abakan
Абакан
Byvåpenet til Abakan
Byvåpenet til Abakan


Plassering
Abakan is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Khakasia
Grunnlagd 1675
Borgarmeister Nikolaj Bulakin
Geografi
Flatevidd
 - By

112 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

163 100
  1 456,3 /km²
Koordinatar 53°43′0″N 91°25′0″EKoordinatar: 53°43′0″N 91°25′0″E
Høgd over havet 245 moh
Tidssone
- Ved sommartid
KRAT (UTC+7)
KRAST (UTC+8)
Diverse annan informasjon
Postnummer 655000–655023
Retningsnummer (tlf) (+7)3902
Nettstad: meria.abakan.ru/

Abakan (russisk Абакан; khakasisk Ағбан) er ein by i Sibir i Russland og hovudstad i republikken Khakasia. Innbyggjartalet er om lag 160 000 (2005). Byen ligg sentralt i Minusinsksenkningen der Abakanelva renn ut i elva Jenisej, rundt 3400 km aust for Moskva.

I 1675 vart det bygd eit russisk fort her, på ordre av Peter den store, som del av prosessen med å underleggje Khakasia russisk kontroll. Han var òg kjend som Abakansk. I Det russiske keisardømet. I 1780-åra oppstod landsbyen Ust-Abakanskoje i same området, og fram til 1914 var busetnad kjend under dette namnet. Frå 1914 til 1924 heitte byen Abakan og frå 1925 til 1931 Khakassk. I 1931 endra landsbyen namn til Abakan og fekk bystatus. Innbyggjartalet var då 10 665.

Frå 1991 er Abakan hovudstad i republikken Khakasia. Byen har tre jernbanelinjer , elvehamn og flyplass. Her er òg universitet.

Abakan var (saman med Tajsjet) ein av endestasjonane på Abakan-Tajsjet-jernbanen. Han er i dag eit viktig jernbaneknutepunkt mellom tre jernbanelinjer. Byen har ei elvehamn, ein lufthamn, industriverksemder, Khakasia statlege universitet, og tre teater. Han har òg eit kommersielt senter som produserer fottøy, matvarer og metallprodukt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Abakan