Aberrasjon i astronomi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den tilsynelatande posisjonen til stjerna sett frå jorda er avhengig av snøggleiken til jorda. Effekten er vanlegvis mykje mindre enn illustrert her.

Aberrasjon er i astronomi ei tilsynelatande forandring i posisjonen til ei stjerne som skuldast verknaden av den endelege lysfarten og rørsla til jorda.

Dagleg aberrasjon er ein aberrasjonseffekt som kjem av at ein observatør på grunn av jordrotasjonen vert ført i ein sirkel rundt jordaksen. Snøggleiken minkar frå ekvator, der han er 465 m/s, mot polane, der han er null. Forskyvinga er maksimum for ei stjerne i meridianen (0,32ʹʹ cos φ, der φ = geografisk breidd), og retninga er alltid mot aust.

Årleg aberrasjon, oppdaga av J. Bradley i 1728, skuldast jordrørsla rundt sola. Ei stjerne i polen til ekliptikken skildrar ein tilnærma sirkel med radius 20,47ʹʹ; for alle øvrige stjerner er aberrasjonsfiguren ein ellipse der den store aksen er parallell med ekliptikken.

Sekulær aberrasjon skuldast rørsla til solsystemet i verdsrommet, men fordi denne er rettlinja og jamn innafor historiske tidsrom, og derfor fører til ei konstant forskyving, tar ein ikkje omsyn til han i praktisk astronomi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]