Abrasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Abrasjon som følgje av isbrear på berg på Vestlandet, nær Jostedalsbreen.

Abrasjon er ei mekanisk skuring av ei steinflate, som oppstår ved friksjonen mellom steinflata og partiklar som flyttar seg oppå flata. Dette skjer anten ved hjelp av vind, isbrear, bølgjer, tyngdekrafta, rennande vatn eller erosjon. Partiklane slit laus partiklar frå bergrunnen og svake bitar på sida av steinen. Desse partiklane kan løysast opp i vatn.

Styrken til abrasjonen er avhengig av hardleiken, konsentrasjonen, snøggleiken og massen til dei flyttande partiklane.

Marin abrasjon[endre | endre wikiteksten]

Marin abrasjon eller brenningserosjon skuldast bølgjebryting og tidevasstraumar ved kysten. Dette skapar ofte bratte kyststkrentar, kalla abrasjonsskrentar, innanfor ei flat flate i havnivået, som vert kalla ei abrasjonsplattform.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]