Absjeronhalvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Absjeronhalvøya med kommuneinndeling

Absjeronhalvøya (aserbajdsjansk Abşeron yarımadası) er ein region i Aserbajdsjan. Baku, den største og mest folkerike byen i landet, og storbyområdet kring byen med forstadane Sumgayit og Khirdalan ligg på halvøya.

Det er tre distrikt på halvøya. To av desse er urbane (Baku og Sumgayit), og ein (Absjeron rajon), er eit forstadsdistrikt i Absjeronområdet.

Halvøya strekkjer seg 60 km austover og ut i Kaspihavet og er 30 km på det breiaste. Sjølv om ho teknisk sett er den austlegaste forlenginga av Kaukasus, er landskapet berre noko åslendt, og består hovudsakleg av ei svakt kupert slette som endar i ei lang sandtunge kalla Shah Dili, og som i dag er ein del av Absjeron nasjonalpark. På denne delen av halvøya finst det mange kløfter og fleire saltsjøar.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Den første petroleumsverksemda i verda fann stad på Absjeronhalvøya frå 1870-åra av. Mykje av landskapet er prega av rustne boretårn. Trass i seriøse miljø- og forureiningsproblem, så er Absjeron kjend for blomar, hagebruk, morbær og fiken. På nordsida av halvøya finne in lange sandstrender som er populære lokale turistattraksjonar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 40°27′49.20″N 49°57′27.29″E