Ace of Base

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ace of Base
Aob tour.jpg
Ace of Base opptrer i St. Petersburg i 2007.
F. v.: Jonas Berggren, Jenny Berggren og Ulf Ekberg.
Sjanger Dance, pop
Aktive år 1987 -
Plateselskap Universal, Warner Arista, Barclay, Polydor, Mega Records, EMI, Playground, BMG, London Records
Nettstad www.aceofbase.com
Medlemmer
Jonas Berggren
Ulf Ekberg
Clara Hagman
Julia Williamson
Tidlegare medlemmer
Malin Berggren
Jenny Berggren

Ace of Base er ei svensk pop/dance-gruppe som hadde si storheitstid på nittitalet med hitar som «All That She Wants», «The Sign» og «Cruel Summer».

Bandhistorie[endre | endre wikiteksten]

Ace of Base vart starta opp i Göteborg i 1987 av syskena Malin «Linn» Berggren, Jenny Berggren, Jonas «Joker» Berggren og venen Ulf «Buddha» Ekberg. Tidlegare hadde Malin og Jenny vore med i eit band saman med Niklas Tränk og Johnny Lindén. Bandet hadde hatt diverse namn, som Tech-Noir, Kalinin Prospect og CAD, men den nye kvartetten slo seg til ro med Ace of Base i 1990. Det fyrste Ace of Base gav ut, var ein demo med danske Mega Records våren 1992. Frontfigurane og hovudvokalistane i gruppa var systrene Malin og Jenny Berggren.

Ace of Base platedebuterte tidleg i 1993 med Happy Nation/ The Sign på eit stort, internasjonalt plateselskap; Warner Bros. Records. Plata inneheldt mange av hitane deira, som «Happy Nation», «All That She Wants», «The Sign» og «Wheel of Fortune». Albumet skulle bli den største suksessen til dance-gruppa; ingen av dei andre platene deira har selt så godt som Happy Nation/ The Sign. Debutalbumet selde ifylgje engelsk wikipedia over 21 millionar plater verda rundt, noko som har gjeve dei ein plass i Guinness Rekordbok for det mestseljande debutalbumet nokonsinne. Musikken til Ace of Base kom høgt på hitlistene i svært mange land, også USA.

Oppfylgjarplata, The Bridge kom seint i 1995 på det nye plateselskapet Arista Records. Med om lag fem millionar selde eksemplar verda over vart ikkje suksessen vart ikkje like stor, men singlane Beautiful Life og Never Gonna Say I'm Sorry vart også internasjonale hits. I 1998 kom studioplate nummer tre: Flowers/ Cruel Summer, som selde 3 millionar eksemplar. Den mest kjende singelen frå denne plata er kanhenda coverlåta Cruel Summer, som fyrst vart kjend med britiske Bananarama. Plata inneheld også songen Cecilia som er inspirert av Cecilia av Simon & Garfunkel.

Etter den tredje plata avtok suksessen til Ace of Base. Nittitalet sin musikk gjekk over i totusentalet, og Ace of Base gav ut si fyrste samleplate i 1999. Fram til i dag har dei gjeve ut seks av desse, men også to nye studioplater som har fått moderate salstal. Studioalbumet Da Capo kom ut i 2002, men inneheldt singelen Beautiful Morning som også vart populær i Noreg. I dag er gruppa framleis aktiv, men med nytt mannskap. Malin og Jenny Berggren har slutta, medan Clara Hagman og Julia Williamson er med som nye vokalistar. Albumet The Golden Ratio frå 2010 er gjeve ut med denne besetninga.

Studioalbuma til Ace of Base[endre | endre wikiteksten]

  • Happy Nation/ The Sign (1993)
  • The Bridge (1995)
  • Flowers/ Cruel Summer (1998)
  • Da Capo (2002)
  • The Golden Ratio (2010)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ace of Base