Cecilia av Simon & Garfunkel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cecilia
Singel av Simon & Garfunkel
frå albumet Bridge over Troubled Water
B-side «The Only Living Boy in New York»
Utgjeve april 1970
Innspelt 1969
Sjanger Rock
Lengd 2:54
Selskap Columbia Records
Låtskrivar(ar) Paul Simon
Produsent Roy Halee
Paul Simon
Art Garfunkel

«Cecilia» er ein song skriven av Paul Simon og framført av Simon & Garfunkel for Bridge Over Troubled Water frå 1970. Songen vart òg gjeven ut som singel og denne nådde fjerdeplassen i USA. Singelen gjekk ikkje inn på listene i Storbritannia, trass i at han var oppfølgjaren til den store hitten «Bridge over Troubled Water».

Cecilia frå tittelen vert generelt tolka til å vere ein lunefull kjæraste, som skapar både smerte og glede hos songaren. Ei anna tolking[1] er at Cecilia kan vise til St. Cecilia, ein vernehelgen for musikk i den katolske kyrkja, og at songen kan referere til frustrasjonen kring mangelen på inspirasjon til å skrive songar. St. Cecilia er nemnd i ein annan Paul Simon-song, «The Coast» frå The Rhythm of the Saints i 1990: «A family of musicians took shelter for the night in the little harbor church of St. Cecilia.»

[endre] Andre versjonar

Den fransktalande amerikanske musikaren Joe Dassin song ein fransk versjon av songen i 1970. Andre versjonar er gjort av Times Two i 1988 og Suggs i 1995. Sistnemnde vart populær i Storbritannia og nådde heilt opp til fjerdeplass med over ein halv million selde singlar.[2]

Dei første taktane av songen er sampla fleire gonger i songen «Midlife Crisis» av Faith No More frå Angel Dust. Songen vart gjeven ut som singel og nådde 10. plass i Storbritannia i 1992.

I 1998 gav det svenske popbandet Ace of Base ut ein Europop-song kalla «Cecilia» frå albumet Flowers, som held fram historia om karakteren til Paul Simon.

I den siste episoden av The Sopranos nyttar Paulie Walnuts ein teknoversjon av songen som ringetone på mobilen sin.

[endre] Kjelder

  1. Cecilia will put song in your heart, Ideally Speaking (Jerry Johnston), Deseret News, 14 november 2009, s. E1.
  2. Suggs interview at Question of Pop, BBC
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk