Adapazarı

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 40°47′N 30°24′E
Adapazarı
by
none
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia
Region Marmararegionen
Provins provinsen Sakarya
høgd 31 moh
koordinatar 40°47′N 30°24′E
Folketal 239 284 [1]
borgarmeister Suleyman Disli
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 54***
Retningsnummer (+90) 264
Turkey location map.svg
Locator Red.svg
Nettstad: Municipality site

Adapazarı er ein by nordvest i Tyrkia og administrasjonssenter i provinsen Sakarya. Provinsen sjølv hadde opphavleg òg namnet Adapazarı. Adapazarı er ein del av den tett folkesette Marmararegionen. Byen har 239 284 innbyggjarar (2011).

Av næringar i byen finn ein lettindustri, mellom anna produksjon av silke og lintøy, samt dyrking av kveite, frukt og grønsaker i nærleiken av byen. Byen eksporterer tobakk, valnøtter, kokongar og grønsaker til Istanbul. Industrien veks etter at Toyota har investert ti milliardar kroner på ein ny bilfabrikk som produserer Toyota Corolla.

Byen ligg ved ei gammal militær gjennomfartsåre frå Istanbul mot aust. Han er tilknytt til jernbanenettverket i Anatolia sidan slutten av 1800-talet.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Adapazarı har eit fuktig subtropisk klima (Köppen si klimaklassifisering Cfa), med stor påverknad frå maritimt og kontinentalt klima. Somrane er varme og særs fuktige, og den gjennomsnittlege maksimumstemperaturen er kring 29 °C i juli og august, sjølv om temperaturane vanlegvis når 30°C i juni, juli, august og september. Vintrane er kjølige og fuktige, og den lågaste gjennomsnittlege minimumstemperaturen er kring 3 °C i januar. Det kjem ein del nedbør og denne er jamt fordelt året rundt, men mest kjem det om hausten, vinteren og våren. Det er vanleg med snø frå desember til mars.

Klimadata for Adapazarı
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C 9.6 10.6 13.6 18.7 23.4 27.6 29.3 29.3 26.1 21.2 16.2 11.5 19 76
Døgnmiddeltemp. °C 6.1 6.4 8.6 12.8 17.3 21.5 23.4 23.2 19.5 15.5 11.3 8.0 14 47
Normal min. temp. °C 3.1 3.1 4.7 8.2 12.1 15.9 18.1 18.2 14.5 11.3 7.4 5.0 3,1
Nedbør (mm) 94.1 77.0 70.0 61.2 49.5 67.1 53.1 47.6 47.8 89.4 85.8 104.2
Normal mengd regndagar 15.5 14.1 13.0 11.6 9.8 8.6 6.3 6.7 7.7 11.9 12.7 15.6 133,5
Normale månadlege solskinstimar 71.3 81.2 117.8 150 210.8 249 272.8 260.4 204 139.5 96 71.3 1 924,1
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü [2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Büyükşehir belediyeleri ve bağlı belediyelerin nüfusları - 2011
  2. «Sakarya Merkez (Adapazarı)». Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü. http://www.dmi.gov.tr/veridegerlendirme/il-ve-ilceler-istatistik.aspx?m=SAKARYA. Henta 14 March 2011.