Adenosintrifosfat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Strukturformel til adenosintrifosfat
Kulemodell av adenosintrifosfat

Adenosintrifosfat (ATP) er ei kjemisk sambinding mellom adenin, ribose og tre fosfatgrupper. Ho er særs viktig for livet av di ho leverer kjemisk energi til dei fleste energikrevjande prosessane i alle levande seller, slik som oppbygginga av kjemiske sambindingar, transport over membranar eller gjennom seller, og muskelarbeid. Når ATP vert spalta til adenosindifosfat (ADP) og fosfat vert det frigjeve energi. ADP kan spaltast vidare til adenosinmonofosfat (AMP) og fosfat i ein prosess der det òg vert frigjeve energi. ATP vert danna på nytta frå ADP og AMP i samband med med nedbryting av feitt, karbohydrat og protein, tilført frå næringsstoff eller frå lager i kroppen. ATP kan tenkjast på som kontantane i energiøkonomien til organismane.

Under fotosyntesen til plantene vert lysenergi omdanna til kjemisk energi i form av ATP gjennom fotosyntetisk fosforylering. Desse ATP-molekyla vert nytta til syntesen av karbohydrat frå karbondioksid og vatn. Under respirasjonen til plantene vert energien i dei lagra organiske stoffa (stive, sukker, feitt) omdanna til ATP gjennom oksidativ fosforylering, som vert nytta til mange energikrevjande prosessar i plantene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«adenosintrifosfat» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 15. april 2018.

Spire Denne biokjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.