Agnus Dei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Guds lam måla av Mathis Grünewald for ei altartavle i Issenheim i tida 1512-1516.
Noter til ein versjon av Agnus Dei

Agnus Dei (latin for «Guds lam») er ein hymne som inngår som fast del i den katolske messa, nattverdliturgien i Den norske kyrkja og i liturgien i andre kyrkjesamfunn. Uttrykket er henta frå Døyparen Johannes sin omtale av Jesus som Guds lam, omtalt i Evangeliet etter Johannes 1,29.[1]

Teksten skal ha blitt introdusert i liturgien av pave Sergius I (687–701). Han vert sungen eller resitert rett før nattverdmåltidet. Melodien kan variere gjennom kyrkjeåret eller gudstenesteforma.

Hymnen lyder på latin:

Agnus Dei, qui tollis peccata mundi, miserere nobis.
Agnus Dei, qui tollis peccata mundi, miserere nobis.
Agnus Dei, qui tollis peccata mundi, dona nobis pacem.

På norsk lyder han:[2]

Du Guds Lam, som bar all verdsens synder, miskunna deg over oss.
Du Guds Lam, som bar all verdsens synder, miskunna deg over oss.
Du Guds Lam, som bar all verdsens synder, gjev oss din fred.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Agnus Dei

Referansar[endre | endre wikiteksten]