Hymne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hymne (frå gresk ύμνος) tyder lovsang og vart i antikken rekna som ei enkel høgstemt lovprising av gudar eller menneske. Omgrepet vert nytta i kyrkjemusikk om ein lov- eller takkesong til Guds ære.[1] Paulus si oppfordring til efesarane: «og syng saman med salmar og hymner og åndelege songar. Syng og spel av hjartet for Herren!» (Ef. 5:19) viser at hymnen vart teken i bruk alt hos den første generasjon kristne.

I oppfordringa nytta Paulus hymner saman med salmar (ψαλμόις) og songar (ώδαις). Truleg utgjorde dei ei einskapleg songform som var karakteristisk i den urkristne menigheita.

Ei av årsakene til at det er vanskeleg å skilje mellom formene er at dei til dels vert nytta om kvarandre i Septuaginta for å gje att dei same hebraiske orda som er knytte til salmane i det gamle testamente.[2]

I samband med påskemåltidet vart Hallel-salmane (Salmane 113-118) sunge. Når dette vert skildra av Matteus (Matt. 26:30) og Markus (Mark. 14:26) nyttar dei verbet hymnesantes (ύμνήσαντες) som eigentleg kan omsetjast «hymnesynge». Dette viser at hymne kan verte forstått relativt vidt og skildre kristen song generelt.

Ambrosius (339 -397) skal ha fornya den liturgiske songen, og kring 40 salmar går under namnet til Ambrosius, men ikkje alle desse kan førast tilbake til han. Berre 14 vert rekna som 100% autentiske. Til og med den såkalla ambrosianske lovsongen «Te deum laudamus» (O store Gud vi lovar deg) er ikkje dikta av Ambrosius, men har ukjent opphav.

Hymne vert vidare nytta om nasjonalsongar (til dømes Hymne til den russiske føderasjonen). I nyare musikk vert omgrepet nytta om eit større anlagt festleg verk for kor og orkester eller om resultatet av ein vellukka jamsession som i Oscar Peterson sin «Hymn to Freedom».

Den tverrvitenskaplege fagdisiplinen som gjennom historiske og analytiske studiar arbeider med den kristne songen vert kalla hymnologi. Hymnologi er ikkje ein sjølvstendig universitetsdisiplin, men det finst eit forskingsnettverk for nordiske hymnologar tilknytta Nordisk institutt for hymnologi (Nordhymn).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Aschehoug og Gyldendals Store norske leksikon
  2. A. Berg (red): Studie Bibelen