Døyparen Johannes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Døyparen Johannes
'St. John the Baptist', painting by Jacopo del Casentino and assistant, c. 1330, El Paso Museum of Art.jpg
Profet, sjåar, forløpar, døypar, martyr, vitne[1]
Fødd rundt 5 f.Kr.
Daud rundt 36
Helgen i Bahai, islam, kristendom (ortodoks, katolsk, luthersk og anglikansk), mandeisme
Festdag 24. juni (fødselsdag, jonsok), 29. juni (halshogging), 7. januar (ortodoks synaxis), 2. thout (koptisk)
Vernehelgen Jordan, Malta, Burgund, Provençe, Fransk Canada, Newfoundland, Puerto Rico, Maltesarordenen av Jerusalem, Firenze, Torino, Porto, Genova, Cesena, Xewkija på Malta og fleire andre stader; for gjetarar, vevarar, skreddarar, snikkarar, smedar, tømrarar, murarar, arkitektar, musikarar og dansarar[2]
Symbol Kross, sau, kamelskinnskappe

Døyparen Johannes (hebraisk Jochanan ben Sacharja, arabisk Yahya) var ein jødisk domsprofet og botspredikant som leidde ei dåpsrørsle med sentrum ved Jordanelva. Johannes døyparen vert rekna som ein heilag person i fleire religionar, særleg i mandeismen, som han skal ha starta, og kristendommen, der han skal ha døypt Jesus, men òg i islam og bahai. Hovudkjelda til livet hans er evangelia i Det nye testamentet. Av kjelder frå om lag same tid er han berre nemnd hos den jødisk-romerske historieskrivaren Josefus (i boka «Historia åt jødane» 18:5,2). Døyparen Johannes var sannsynlegvis verksam på slutten av 20-talet e.Kr., (om Lukas-evangeliet er korrekt: i det 15. året i regjeringstida åt keisar Tiberius, altså 28-29 e.Kr.).

Kristen tradisjon[endre | endre wikiteksten]

Leonardo da Vinci sitt måleri frå 1503-1506 av jomfru Maria og Elisabet med borna Jesus og Johannes.

Døyparen og tilhøvet hans til Jesus er nemnd i alle evangelia og har då sannsynlegvis spela ei viktig rolle i tidleg kristendom. Alle evangelia fortel at han døypte Jesus i Jordan-elva. Etter Lukas-evangeliet i Det nye testamentet (Luk 1,5ff og Luk 3,1-2) var Johannes son til presten Sakarja og Elisabet. Elisabet var ein nær slektning (kanskje syskenbarn) til til Jesu mor Maria. Maria vitja Elisabet medan ho var svanger med Johannes; Lukasevangeliet skriv at Johannes rørte seg i livet åt mora då Maria helsa henne. Denne vitjinga vert feira på Maria besøksdag 2. juli. Johannes vart fødd seks månader før Jesus.

«Johannes» er den greske versjonen av det hebraiske Johanan som tyder «Herren er/har handla nådig». Ifølgje soga valde Elisabet dette namnet sjølv om det ikkje var tradisjon for det i familien. Dei spurde faren Sakarja, som var blitt stum. Han skreiv namnet «Johannes» på ei tavle, og fekk talen tilbake.[2]

Han sagde: «Eg er røysti som ropar i heidi: 'beinka vegen aat Herren!' som profeten Jesaja segjer.»

Communauté silhouette modif.jpg

Evangelia skriv at Johannes levde eit asketisk liv i øydemarka i Jordan-landet. Han gjekk i ein kappe av kamelhår og åt grashoppar og villhonning. Han heldt seg i ro i øydemarka til han var om lag 30 år, då kalla Gud han til profet. Johannes forkynte at folket måtte vende om og la seg døype så dei kunne få tilgjeving for syndene sine. Han kravde òg at folk skulle ta konsekvensen av dette og bere frukt som svara til omvendinga.

Johannes døyparen vert halshogd, måleri av Caravaggio (1608)

Jesus òg vart døypt, ein dåp som skal ha innleia Jesu gjerning. Bibelen fortel at kong Herodes let Johannes vert fengsla etter denne refsa kongen for å leve i lag med Herodias, brorkona si. Kongen turde først ikkje ta livet av Johannes, då han var redd folket som heldt Johannes for ein profet. Men dotter til Herodias dansa på åremålsdagen hans, og som løn ønskte ho seg hovudet åt Johannes på eit fat. Det vert sagt at Herodes gjorde som had hadde lova, og Johannes vart han avretta ved halshogging (Mark 6, 14-29 et par.).

I den ortodokse kyrkja er han kjend under namnet Johannes Forløparen.

Muslimsk tradisjon[endre | endre wikiteksten]

Bygningen inne i Omajademoskeen, der relikvia etter Johannes ligg

I Koranen vert fødselen til Johannes og fødselen til Jesus omtala samtidig; begge fødslane var mirakuløse etter inngrep frå Gud: Sakarja var gammal og avfeldig og kona hans ufruktbar då Herren skapte Johannes i morslivet. Johannes og Jesus vert begge rekna som profetar innan islam. Muslimsk tradisjon har teke vare på det som skal vere relikviar etter Johannes i Omajademoskeen i Damaskus.

Bahai-tradisjon[endre | endre wikiteksten]

I bahai-trua er Jesus, som andre profetar, rekna som ein bodberar for Gud. Døyparen Johannes er dimed vyrda som ein med andeleg innsikt og profetiske gåver, som var den fyrste som sannkjende kven Jesus var. Dei meiner òg at Johannes var sendt til jorda igjen som Báb, førelauparen til Bahá'u'lláh, men med ein høgare andeleg rang.

Gnostisk tradisjon[endre | endre wikiteksten]

Den gnostiske forsamlinga mandearane reknar seg som etterkommarar av tilhengjarane til Johannes døyparen. På Jesu tid var det fleire synkretistiske døyparsekter som heldt til ved Jordanelva.

Forskarar som har arbeidd med Dødehavsrullane, har sett fram teoriar om grupperinga som etterlet seg desse skriftene, kanskje dei jødiske essenarane, kan ha vore blant læresveinane åt døyparen Johannes. Det er rimeleg å tru at desse skriftene i alle fall kastar ljos over eit liknande miljø som det Johannes var med i.

Markeringar[endre | endre wikiteksten]

Jonsok vert feira 24. juni til minne om fødselen hans. I norsk tradisjon er det vanleg å byrje feiringa kvelden føre (jonsokaftan, sankthanskvelden) med bål og uteleikar for born, ein slags midtsommarfest.

Ulike former av namnet «Johannes», som Jan, Jon (Ion), Johan, John, Jean, Juan, Hans og Ivan, og former av «Johannes døyparen», som Jean-Baptiste og Gianbattista, er spreidde over den kristne verda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Artikkelen byggjer på ei omsetjing frå tilsvarande artikkel på svensk wikipedia.
  • Koranen (Sure 19:7 ff)
  • Det nye testamentet (Matt 3;11;14;16;17 Mark 1;6;8 Luk 1;3;7;9 Joh 1;3)

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kalla 'vitne til Guds ord' i Koranen
  2. 2,0 2,1 Den hellige Johannes Døperen (1 - ~29) ved katolsk.no

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Døyparen Johannes