Evangeliet etter Johannes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Evangeliet etter Johannes (Johannesevangeliet) er ei bok som inngår i Det nye testamentet. Det forkortast Joh.. På originalspråket har evangeliet tittelen Κατά Ιωάννην, (gresk for etter Johannes).

Symbolsk vert evangelisten Johannes gjerne framstilt som ei ørn.

Innhaldsmessig skil Johannesevangeliet seg markant frå dei tre evangelia etter Matteus, Markus og Lukas; desse tre vert kalla synoptiske evangelium, sidan det går an å jamføre dei kapittel for kapittel. Johannesevangeliet gjev eit noko anna bilete av Jesu historiske vyrke,med unntak av sjølve lidingssoga. Det tek berre opp eit lite utval (sju) underverk som han skal ha utført, og framstiller dei som symbol for Jesu guddom. Johannesevangeliet inneheld få likningar. Jesus talar i staden biletleg med underliggande meiningar. Det typiske for teologien i dette skriftet er den såkalla høgkristologien, dvs. at Jesus blir presentert som Messias/Kristus, verdsens frelsar, alt frå første side og jamstilt med Faderen (Eg og Faderen er eitt, Joh. 10,30).

Johannesevangeliet har alltid vore rekna som det som var skrive sist av evangelia, slik er det òg plassert i Bibelen. Moderne forskarar daterer det til mellom 90-100 e Kr. Forfattaren er ukjend, men etter kristen tradisjon vart det nedskrive av læresveinen og apostelen Johannes.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

«I upphavet var ordet,
og ordet var hjaa Gud,

og ordet var Gud.»
Joh. 1,1

Johannesprologen (kap. 1.1-18)[1] innleier evangeliet. Prologen, som opphavleg kan vere skriven som ein salme, omtalar Kristi preeksistensielle tilvære som Logos (Ordet) hos Gud Faderen frå opphavet,og om korleis ordet vart menneske. Denne prologen skil seg mykje frå fødselsforteljingane vi finn i dei synoptiske evangelia.

Johannesevangeliet er aleine om Jesu samtale med Nikodemos. Eit stort fokus ligg på påskeveka. I siste halvdel av evangeliet (frå kap. 11) får vi høyre om hendingane rundt Jesu siste veke; hans død og oppstode.

Forfattarar og datering[endre | endre wikiteksten]

Papyrusfragment frå det andre hundreåret med tekst frå Johannesevangeliet

Tradisjonen har sidan 200-talet peika ut apostelen Johannes som forfattar. Denne er i evangeliet omtalt som den læresveinen som Jesus hadde kjær (Joh. 21.20).[2] I 21.24 står det at det er den læresveinen som vitnar om hendingane i evangeliet. Somme har av dette slutta at det må vere nokre av tilhengarane hans som har skrive ned evangeliet, kanskje på oppdrag av evangelisten sjølv. Kritikarar har meint at kapittel 21 er eit seinare tillegg for å peike ut Johannes som forfattar. Dei fleste moderne forskarar reknar med at forfattaren er ein ukjend person, og at det er usannsynleg at han var augnevitne sidan nedteikningane skjedde så pass lang tid etter Jesu liv.

Dei fleste av dagens forskarar held evangeliet for å ha vore skrive mellom år 90-100. Men ettersom tempelet i Jerusalem er skildra som om det eksisterer, kan det ha vore skrive ned før tempelet vart øydelagt i år 70.

Det finst òg forskarar som meiner evangeliet først stod ferdig omkring år 140. Det eldste papyrusfragmentet med Johannesevangeliet er datert til perioden 110-160. Det inneheld Joh 18.31-33 og 18.37-38.[3] I det minste desse avsnitta må då ha vore skrive før denne tida.

Målgruppe[endre | endre wikiteksten]

«For so elska Gud verdi at han gav Son sin, den einborne, so kvar den som trur paa honom, ikkje skal verta fortapt, men hava ævelegt liv.»
Joh. 3,16 (etter Studentmaallaget si bibelumsetjing, 1921)

Dei tre synoptiske evangelia (Matteus, Markus og Lukas) skil seg frå Johannesevangeliet ved at Johannesevangeliet er tilpassa den romerske måten å rekne tida på. I Matt. 27.45[4] er Jesus krossfest ved den sjette timen, men i Joh. 19:14[5] står det at er Jesus hos Pilatus den sjette timen. Alle evangelia er likevel samde om at Jesus er hos Pilatus til morgongry. Årsaka till denne skilnaden er at Johannesevangeliet reknar døgnet frå midnatt til midnatt, presis som vi gjer i Europa i dag. Jødane rekna derimot med døgnet frå kvelden, slik at sabbaten begynner på fredag ettermiddag. Den jødiske tidfestinga er rekna om til romersk tidfesting, og denne skilnaden viser at Johannesevangeliet er skrive for eit publikum som reknar døgnet på romersk vis.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Evangeliet etter Johannes

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]