Ahlmannryggen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 71°50′S 2°25′W
Ahlmannryggen
fjell
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Topp Dronning Maud Land
 - koordinatar 71°50′S 2°25′W
Lengd 110 km
Administrert under Antarktistraktaten
Ahlmannryggen is located in Antarktis
Ahlmannryggen (Antarktis)

Ahlmannryggen er ein brei, hovudsakleg isdekt fjellkam, som er kring 110 km lang og ligg over spreidde, lågare fjelltoppar. Han ligg mellom Schyttbreen og Jutulstraumen og strekkjer seg frå Borgmassivet og nordover til Fimbulisen i Dronning Maud Land. Området vart først fotografert frå lufta av Den tredje tyske antarktisekspedisjonen (1938–39) og fjelltoppar i nærleiken vart grovt plotta. Straumsnutane og Witte Peaks ligg i nordaustlege delar av Ahlmannryggen. Han vart først kartlagd i detalj frå landmålingar og flyfoto av Maudheimekspedisjonen (NBSAE) (1949–1952) og flyfoto tekne av den norske ekspedisjonen (1958–59). Ryggen vart kalla opp etter Hans Wilhelmsson Ahlmann, styreleiar for den svenske komiteen i Maudheimekspedisjonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Ahlmannryggen» (innhald frå Geographic Names Information System).