Air Canada

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Boeing 777-300ER frå Air Canada.

Air Canada er eit canadisk flyselskap med hovudkvarter i Montreal, Quebec. Selskapet brukar IATA-koden AC og er medlem av Star Alliance.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Air Canada vart danna som eit dotterselskap av Canadian National Railways i september 1937 under namnet Trans-Canada Airlines. Den fyrste flyginga gjekk frå Vancouver til Seattle. Selskapet skifta namn til Air Canada i 1965 og vart eit sjølvstendig, statleg føretak på slutten av 70-talet. I 2000 overtok selskapet Canadian Airlines som på den tida var det nest største flyselskapet i Canada. Selskapet hamna i finansielle problem, og i april 2003 søkte det beskytting mot kreditorane (konkursvern). Vernet vart heva i september 2004 og selskapet er no eigd av ACE Aviation Holdings Inc.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]