SAS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg SAS (fleirtyding)
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Logo
Hovudkontoret til SAS
SAS Boeing 737-600

Scandinavian Airlines System (SAS) er eit skandinavisk flyselskap. Det vart stifta i 1951 ved fusjon av det danske (DDL), det norske (DNL) og det svenske (ABA/SILA) statsflyselskapet, og med 2/7 dansk, 2/7 norsk og 3/7 svensk eigardel.

Sidan oppstarten har selskapet stått ovanfor viktige strategiske utfordringar. Gjennom å takla dei har SAS blitt ei av dei europeiske verksemdene med størst suksess.[treng kjelde]

SAS er det leiande flyselskapet i Norden [treng kjelde], og er eit av dei stiftande medlemmene av Star Alliance. Det har hovudkontor i Frösundavik utanfor Stockholm, og opererer frå to primære hubar, Stockholm Arlanda og Kastrup i København. Frå Oslo lufthamn, Gardermoen går svært mykje trafikk via SAS-hubane i Sverige og Danmark. SAS-flåten består av 130 fly. SAS konsernet hadde i 2003 ein omsetnad på 57,7 milliardar svenske kroner og har tilsaman 33 451 medarbeidarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Charles Lindbergh var pioneren som introduserte flygingar på tvers av kontinent då han i 1927 åleine kryssa Atlanteren. Nettopp Charles Lindbergh var drivkrafta bak det vi i dag kjenner som SAS, då han i 1933 var på besøk hjå ABA og DDL (kvar seg svensk og dansk luftfartsselskap) og diskuterte moglegheitene for å starte kommersiell flytrafikk mellom kontinent - det gjaldt å gjere det enno sikrare å fly og å finne berekraftige rammer for den økonomiske drifta. Dette fordra samarbeid. Det norske luftfartsselskap vart innlemma på eit seinare tidspunkt.

Dei strategiske problemstillingane dreidde i hovudsak rundt kva organisatorisk form samarbeidet mellom ABA og DDL skulle få og korleis eigardelane skulle fordelast mellom dei to selskapa. To alternativ vart drøfta i denne samanhengen:

  1. Det nye selskapet skulle leige inn personell og tekniske ressursar frå ein felles pool der dei nasjonale selskapa fortsatt skulle stå som arbeidsgjevarar for personalet og som eigarar av aktiva.
  2. Dei nasjonale selskapa skulle danne eit konsortium som overtok personalet og ressursar og dreiv trafikken.

Valet fall på alternativ 2 ettersom stordriftsfordelane ville gå tapt gjennom poolmodellen. Dermed var grunnsteinane lagt for SAS.

Som ei fylgje av suksessen til SAS vart det etablert eit stort tal konkurrerande selskap under andre halvdel av 50-talet. Denne oppblomstringa vart tett fylgd av alliansebygging på slutten av 50-talet og inn i 60 åra. Bakgrunnen var å kunne tilby eit heildekkande trafikknett jorda rundt og koordinere tidstabellar samt å kutte kostnadar gjennom delt vedlikehald, reservelager og opplæring. Også på alliansesida må SAS kunne seiast å vere pionerar då dei i 1958 inngjekk ei teknisk vedlikehaldsavtale med Swissair.

Overgangen frå propellfly til jetalderen medførte eit stort kapitalbehov gjennom innkjøp av fly og verkstadar måtte omstillast til å handtere både propell og jetfly. SAS trod som fyrste selskap inn i jetalderen 26. april 1959 då Sud Aviation presenterte sitt nye vedunder Caravelle. Noko av bakgrunnen for overgangen til jetfly var tankegangen ”større er betre”. Men som ei fylgje av auka kapasitet etter overgangen var det totale tilbodet større enn marknaden sin etterspurnad. Samtidig med denne utviklinga stagnerte òg verdsøkonomien etter ein lang ekspansjonsperiode. Fleire selskap gjekk over ende den gong og det kan dragast parallellar til dagens situasjon som er prega av tilnærma same scenario. Dåverande styreformann i SAS, Marcus Wallenberg, kombinerte kostnadsreduksjon med nyemisjon for å redde selskapet i nedgangsperioden. Kostnadinnsparingane låg i all hovudsak på personellsida gjennom oppseiing og effektivisering av fartstid i lufta (ikkje alt for ulik dagens situasjon i SAS).

To år seinare, i 1963, gjekk igjen SAS med overskot og innleia ein gyllen tidsalder med ei lang rekkje lønnsame år.

Selskapet si verksemd vart i 2004 oppdelt i; Scandinavian Airlines Sverige (MD80 B737 og Q400), Scandinavian Airlines Danmark (MD80/90, A321 og Q400), Interkontinental verksemd (A330/340), og SAS Braathens (B737 og F50)(det siste under eige driftssertifikat). Braathens vart kjøpt av SAS i 2001 då "The Norwegian Flag Carrier" var på randen til konkurs.

Selskapet har tre heileigde dotterselskap, Widerøe i Noreg, Blue1 i Finland og Spanair i Spania. Blant andre tilknytta selskap er Skyways, Cimber Air, BMI British Midland, airBaltic, Estonian Air og Air Greenland (Grønlandsfly).

I 2001 transporterte SAS og dotterselskapa totalt 36 millionar passasjerar.

Den verste ulukka i SAS si historie hende i 2001 på Linate-flyplassen i Milano, då eit SAS McDonnell Douglas MD-87 kolliderte med ein liten feilnavigerande privatjet under take-off, og 114 menneske døydde.

SAS Airbus A340-300
SAS MD-82
Flåte juni 2005
Fly Antal Type
Airbus A340-300 7 Langdistanse
Airbus A330-300 4 Langdistanse
Airbus A321-200 7 Kortdistanse / innanriks
Boeing 737-800 15 Kortdistanse / innanriks
Boeing 737-700 6 Kortdistanse / innanriks
Boeing 737-600 24 Kortdistanse / innanriks
McDonnell Douglas MD-81 7 Kortdistanse / innanriks
McDonnell Douglas MD-82 32 Kortdistanse / innanriks
McDonnell Douglas MD-90-30 8 Kortdistanse / innanriks
McDonnell Douglas MD-87 15 Kortdistanse / innanriks
De Havilland Q400 24 Kortdistanse / innanriks
Fokker 50 2 Kortdistanse / innanriks

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]