Air Conditioning av Curved Air

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Air Conditioning
Studioalbum av Curved Air
Språk engelsk
Utgjeve November 1970
Innspelt Juli 1970
Studio Island Studios i London
Sjanger Progressiv rock, kunstrock
Lengd 44:34[1]
Selskap Warner Bros.
Produsent Mark Edwards
Curved Air-kronologi 
Air Conditioning Second Album
(1971)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[2]

Air Conditioning er debutalbumet til det britiske progressive rockebandet Curved Air. Det kom ut i november 1970 og nådde åttandeplassen på den britiske albumlista i desember 1970.[3]

På biletplata (sidan nytta som biletet på plateomslaget) er tittelen skriven som «Airconditioning», medan den grøne etiketten på plata synte «Air Conditioning».

Bakgrunn og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Sonja Kristina er oppført som den einaste tekstforfattaren på «It Happened Today», har Francis Monkman i ei rekkje intervju etter 1998 hevda å ha kome på songtittelen og grunnkonseptet til teksten.[4] Kristina var samd i at Monkman kom opp med tittelen, men stod fast pop at teksten «eigentleg ikkje handlar om noko spesifikt.»[5] I motsetnad er «Propositions» berre tilskriven Monkman. Han meiner det var Kristina som skreiv teksten. Han forklarte inspirasjonen for musikken til denne songen: «Eg var stor fan av Terry Riley (og hadde spelt den første framføringa i London av «In C» i 1968) og var særs imponert av A Rainbow in Curved Air. Så fekk eit slags «musikalsk syn» om ein høgenergisk rockelyd som gjekk i ein Terry-liknande lydbandsløyfe-improvisasjon. Det vart «Propositions»...»[4]

Både musikken og teksten til «Situations» var skriven av Darryl Way og Rob Martin. Teksten til «Hide and Seek» skildrar ei post-apokalyptisk verd der ein einsam overlevar fånyttes leitar etter ein annan levande person. Sonja Kristina sa: «Det er eit mareritt, ein slags draum å bli etterlaten i ein tom by.»[5]

Vokalen til Kristina på «Blind Man» var inspirert av måten Donovan song «Hurdy Gurdy Man» på.[5]

Biletplate[endre | endre wikiteksten]

Albumet var den første vinylplata som kom ut som biletplate[6] i titusen eksemplar.[7] Teknologien var i startfasen og dette førte til støy i avspelinga av plata. Plata vart gjeve ut att på vanleg format med grøn etikett og bilete av den originale biletplata på plateomslaget.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«It Happened Today»Francis Monkman, Sonja Kristina Linwood4:55
2.«Stretch»Darryl Way, Monkman4:05
3.«Screw»Way, Linwood4:03
4.«Blind Man»Way, Rob Martin3:32
5.«Vivaldi»Way7:26
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Hide and Seek»Way, Linwood6:15
7.«Propositions»Monkman3:04
8.«Rob One»Martin3:22
9.«Situations»Way, Martin6:17
10.«Vivaldi (With Cannons)»Way, Monkman1:35

Ein annan song vart spelt inn på denne tida, men berre gjeven ut på singel:

  1. «What Happens When You Blow Yourself Up» (Monkman, Linwood)  – 3:34

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Curved Air

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «It Happened Today» / «What Happens When You Blow Yourself Up» med «Vivaldi» (Storbritannia og Nederland)
  • «It Happened Today» med «What Happens When You Blow Yourself Up» (USA og Tyskland)
  • «It Happened Today» med «It Happened Today» (promo)
  • «Vivaldi» med «It Happened Today» (Italia)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «CURVED AIR Air Conditioning music reviews and MP3». progarchives.com. Henta 10. april 2020. 
  2. «allmusic ((( Air Conditioning > Overview )))». AllMusic. Henta 10. april 2020. 
  3. «The Official Charts Company – Curved Air – Air Conditioning». Official Charts Company. Henta 10. april 2020. 
  4. 4,0 4,1 Wynne, Richard. (1999) «Francis Monkman» Arkivert 1. september 2009 ved Wayback Machine. (via link to «Francis». The Official Curved Air Website.
  5. 5,0 5,1 5,2 Welch, Chris (April 2011). «Curved Air – Airconditioning». In Airconditioning [CD booklet]. London: Blue Mountain Music.
  6. «Curved Air Home Page». curvedair.com. Arkivert frå originalen 1. september 2009. Henta 10. april 2020. 
  7. «Curved Air – Airconditioning (12«, Pic) at Discogs». discogs. Henta 10. april 2020.