Eddie Jobson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eddie Jobson
EJobson09.jpg
Eddie Jobson on stage with UKZ - BB Kings, NYC, august 20, 2009
Fødd 28. april 1955
Billingham i England
Instrument Fiolin, keyboard, vokal
Sjanger Progressiv rock, eksperimentell rock, kunstrock
Yrke Musikar, låtskrivar, produsent
Tilknytte artistar UK, Jethro Tull, Roxy Music, Frank Zappa, UKZ
Plateselskap Capitol Records
EMI Records
Private Music
Globe Music
Nettstad www.eddiejobson.com

Edwin «Eddie» Jobson (fødd 28. april 1955) er ein engelsk klaverspelar og fiolinist som er kjend for synthesizerstilen sin. Han var medlem av fleire progrockband som Curved Air, Roxy Music, 801, U.K. og Jethro Tull. Han spelte òg med Frank Zappa i 1976-77. Bortsett som klaverspelar er Jobson òg kjend som ein dugande fiolinist.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Jobson vart fødd i Billingham i Stockton-on-Tees i England. Han byrja å spele piano sju år gammal og fiolin då han var åtte. 16 år gammal vart han med i bandet Fat Grapple, og spelte på lokale stader som Redcar Jazz Club. Det var her bandet hans varma opp for Curved Air, som Jobson vart med året etter.

På denne tida var Jobson frontmann i Fat Grapple på elektrisk fiolin, og opna med stykket «Jig-a-Jig». Bandet spelte originale songar, og vart høgt verdsett, men klarte aldri å slå igjennom utanfor Newcastle-området.

I 1973 erstatta han Brian Eno i Roxy Music, ein jobb han delvis fekk fordi systera hans var venninne med systera til songaren Bryan Ferry. Jobson var med bandet på tre studioalbum og mange turnear.

I 1976, då Roxy tok ein pause, spelte Jobson inn den obskure solosingelen «Yesterday Boulevard», der han spelte alle instrumenta sjølv, utanom trommer. Jobson prøvespelte så som klaverspelar i Ritchie Blackmore sitt Rainbow. Han fekk ikkje jobben og avslo å verte med Procol Harum. Jobson varet så med Frank Zappa i midten av 1976. Han er på framsida av plateomslaget til Zoot Allures, trass i at han ikkje spelte på det. Han spelte derimot på konsertalbumet Zappa in New York.

I 1977 vart Jobson med i supergruppa UK. Andre medlemmar var tidlegare King Crimson-medlem Bill Bruford (trommer) og John Wetton (bass og solovokal) og Allan Holdsworth (gitar). Dei gav ut tre offisielle album. Etter at UK vart oppløyst tidleg i 1980, starta Jobson eit soloprosjekt, då han vart beden av Jethro Tull-frontmann Ian Anderson om å delta på soloalbumet hans, som sidan vart Tull-albumet A. Jobson er her oppført som 'special guest'. Han vart med bandet på den påfølgjande verdsturneen og spelte den siste konserten sin med bandet i Frankrike i februar 1981.

Jobson vart ei kort stund med i Yes i 1983 etter at Tony Kaye forlet dei til fordel for Badfinger. Jobson spelte verken konsertar eller inn album med Yes. Han var berre med i videoen til «Owner of a Lonely Heart», men videoen kom ut etter at Jobson hadde forlete bandet og Kaye var tilbake att.

I 1980-åra gav Jobson ut to album, Zinc - The Green Album (1983) og Theme of Secrets (1985). Vidare utover i 1980-åra og i 1990-åra skreiv Jobson mykje musikk for fjernsyn og film. Han skreiv musikk for nesten 100 episodar av fjernsynsserien Nash Bridges.[1] Sidan 2000 har han styrt Globe Music Media Arts [2].

På The Creation of Peace Festival i Kazan i Tartarstan den 30. august 2008 stod Jobson på scenen for første gong på meir enn 27 år. Han spelte då fiolin på ein song med Patti Smith Group, ein song med Fairport Convention og to songar med King Crimson Project.

I oktober 2007 hadde Jobson starta eit nytt band, UKZ, med Trey Gunn, Marco Minnemann, Alex Machacek og Aaron Lippert. Dei gav ut ein EP i 2009, «Radiation».

Solodiskografi[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]