Progressiv rock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk


Progressiv rock
Stilmessig opphav: Psykedelisk rock, jazz-fusion, bluesrock, hardrock, folkrock, verdsmusikk, elektronisk musikk, klassisk musikk, frijazz
Kulturelt opphav: 1965-1970 i Storbritannia, USA, Italia og Tyskland
Typiske instrument: Gitar, bass, synthesizer, piano, trommer, ofte vokal og andre akustiske og elektriske instrument
Populær periode: Stor i 1970-åra, ny bølgje i 1980-åra, moderat i 1990-åra og stigande popularitet i 2000-åra
Undersjangrar
Symfonisk rock, neo-prog, ny-prog, space rock, krautrock, Canterbury scene, progressiv metal, Zeuhl

Progressiv rock (ofte berre kalla prog eller progrock) er ein sjanger innan rock som utvikla seg på slutten av 1960-åra og tidleg i 1970-åra og som i følgje allmusic var «eit hovudsakleg britisk forsøk på å ta rockemusikk til nye kunstneriske nivå.»[1] Uttrykket «kunstrock» vert ofte nytta om ein annan med progressiv rock, men dei to sjangrane er ikkje identiske.[1]

Progressiv rockeband tøygde dei tekniske og komposisjonsmessige grensene i rockemusikken[1] ved å ta musikken vidare frå den populære vers-refreng-baserte songstrukturen. I tillegg nytta ein ofte arrangement med element frå klassisk musikk, jazz og verdsmusikk. Instrumentalar var vanlege, medan songtekstane ofte var omgrepsmessige. abstrakte eller basert på fantasy. Progressive band gav stundom ut konseptalbum som ofte fortalde ei soge eller omhandla spesifikke tema.[1]

Progressiv rock utvikla seg frå psykedelisk rock seint i 1960-åra,[1] i ein periode då det vart stadig vanlegare å ta musikken eit steg vidare med eit breitt spekter av inspirasjonskjelder.

Sjangeren har vorte nytta om band som King Crimson, Yes, Genesis, Pink Floyd, Jethro Tull, Gentle Giant, The Moody Blues og Emerson, Lake and Palmer. Progressiv rock vart mest utbreidd på midten av 70-åra. Sjølv om progressiv rock nådde ein topp i 1970- og tidleg i 1980-åra, har neo-progressive band halde sjangeren relativt populær etter dette.[1]

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Musikalske kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Form: Progressive rockesongar prøver anten å unngå dei vanlege songstrukturane i populær musikk som vers-refreng-bru, eller viske denne forma ut med å lage lengre seksjonar eller setje inn fleire mellomspel, ofte med overdriven dynamikk for å forsterke kontrasten mellom seksjonane. Klassiske former vert ofte sett inn eller byta ut, og resultatet vert stundom heile suiter, som byggjer på tradisjonelle potpurri av tidlegare rockeband. Progressive rockesongar har ofte lange instrumentale parti, som blandar den klassiske solotradisjonen med improvisasjonstradisjonar i jazz og psykedelisk rock. Alt dette medfører at progressive rockesongar kan verte lange, og dei kan stundom vare over 20 minutt.

Klangfarge: Tidlege progressive rockeband utvida klangfargane til den tradisjonelle rockemusikken, som då bestod av gitar, orgel, bass og trommer, med å bruke mindre vanlege instrument som fløyte, saksofon og fiolin, og i tillegg utforske kva som var mogeleg å gjere med nye elektroniske piano, synthesizerar og elektroniske effektar. Moderne progressive rockeartistar held fram denne tradisjonen med å eksperimentere med nye og forskjellige lydar og instrument. Nokre instrument, som moogsynthesizer og Mellotron har vorte nært knytte til denne sjangeren.

Rytme: Med påverknad frå klassisk musikk, jazz og eksperimentell musikk, har progressive rockeartistar ofte utforska uvanleg tempoangjeving, synkope, polyrytme og tempoendringar som ikkje vert nytta til vanleg i rockemusikk. Utan ein enkel, jamn rytme vert progressive rock rekna for å vere mindre oppteken av at det skal vere mogeleg å danse til musikken.

Melodi og harmoni: Musikkritikar Piero Scaruffi hevdar at progressiv rock ikkje fokuserer like mykje på melodi som andre former form rock.[2] I progrock er bluespåverknaden ein ofte finn i anna rock ofte erstatta av påverknader frå jazz og klassisk musikk. Melodiane er langt oftare modale enn tufta på den pentatoniske skalaen. Akkordar og akkordprogressjonane er òg ofte modale, og utvida med sekst- septim og noneakkordar, og samansette intervall. Akkordprogressjonen I-IV-V er mykje mindre vanleg i progrock. Ofte kan ein høyre spor, eller til og med direkte avspeling, av tema frå klassisk musikk. Enkelte band har utforska atonal eller disharmoniske harmoniar, og nokre få har til og med arbeida med uutvikla serialisme.

Struktur og biletbruk: Omsluttande lydkulisser og teatralske element vert ofte nytta til å skildre scenebilete, hendingar eller andre aspekt av eit konsept. Eit Wagner-aktig ledemotiv vert nytta til å representere forskjellige karakterar i Genesis sine «Harold the Barrel» og «Robbery, Assault and Battery». Lydane av klokker og kasseapparat vert nytta til å representere tid og pengar på Pink Floyd-albumet The Dark Side of the Moon.

Andre kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Teknologi: For å kunne utforske klangfargane vidare har progressive rockeband ofte tidleg nytta nye elektroniske instrument og teknologiar. Emerson Lake and Palmer var av dei første som nytta moogsynthesizer, og mellotron vart flittig brukt av tidlege progressive rockeband som Moody Blues, King Crimson og Genesis. Seint i 1970-åra utvikla Robert Fripp frå King Crimson og Brian Eno analoge bandsløyfe-effektar (Frippertronics). I 1980-åra nytta Frank Zappa Synclavier til å lage musikk og innspelingar, og King Crimson utvikla MIDI-gitarar, ein Chapman Stick, og elektronisk perkusjon.

Konseptalbum: Sjølv om dei ikkje berre vert nytta innan progressiv rock, er songsamlingar med eit felles tema eller ei felles soge ofte vanlege i sjangeren. Sidan progressive rockesongar ofte er lange i seg sjølv, har slike album ofte vorte lengre enn det lagringsteknikkane på den tida tillet, og ein måtte derfor stundom gje ut eitt enkelt album på doble vinylplater, kassettar, og sjølv CDar for å få med alt. Konsepta har vore både historiske, fantastiske og metafysiske, og Jethro Tull gav til og med ut eit konseptalbum som gjorde narr av konseptalbum, Thick as a Brick i 1972.

Lyriske tema: Sjølv utanom konseptalbum nyttar ofte progressiv rock tekstar som står i stil med den musikalske ambisjonen. Typiske pop- og rocktema som kjærleik, dansing osv, er ofte unngått og ein har i staden fokusert på tema ein ofte finn i litteraturen. Tekstforfattarar som Ian Anderson (Jethro Tull), Peter Hammill (Van Der Graaf Generator), Neil Peart (Rush) og Pete Sinfield (King Crimson og ELP) skreiv gjennomarbeida tekstar som kombinerte innblikk, samfunnskommentarar og poetiske inspirasjonskjelder. Genesis skreiv ofte surrealistiske soger i tekstane sine, medan Roger Waters (Pink Floyd) kombinerte samfunnskritikk med sin personlege kamp mot grådigskap, galskap og død. Litteratur, mytologi og folkeminner er òg vanlege tema. Sjølv om fantasy- og science-fiction-tema er mykje mindre brukt enn enkelte kritikarar hevdar, er dei vanlege stereotype tema i progressiv rock.

Presentasjon: Plateomslaga er ofte ein viktig del av det kunstneriske konseptet. Denne trenden starta med The Beatles sitt album Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band i 1967 og spelte ei stor rolle i marknadsføringa av progressiv rock. Enkelte band vart nesten like kjende for plateomslaga sine som musikken på albuma. Dette førte til at enkelte kunstnarar og designstudio vart kjende for arbeidet dei gjorde for desse artistane, som Roger Dean for Yes, og Storm Thorgerson og studioet hans Hipgnosis for Pink Floyd og fleire andre progressive rockegrupper.

Sceneopptrede: På starten av 70-åra starta fleire progressive rockeband å nytte stadig meir omstendige og stundom prangande teatralske effektar under konsertane sine. Frontmann i Genesis, Peter Gabriel, nytta mange forskjellege fargerike og eksotiske kostyme i løpet av eit show, og dei nytta laserar og store spegl i takt med musikken. Queen nytta seinare laserar, røykmaskinar og kompliserte lyssystem som ein del av konsertane sine. Yes nytta eit futuristisk scenedesign laga av Roger Dean, inkludert utstyr frå romskip og kompliserte lyssystem. Jethro Tull slepte ut kaninar på scenen. Ein av ELP sine mange scenepåfunn var eit fykande piano.

Pink Floyd nytta mange sceneeffektar, inkludert styrtande fly, ein gigantisk fykande gris, store skjermar og i 1980 ein enorm mur som vart bygd opp under konsertutgåva av The Wall.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Forgjengarar[endre | endre wikiteksten]

Allmusic omtalar Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band av The Beatles som eit vendepunkt der progressiv rock starta.[1] Tidlegare album av bandet som Rubber Soul og Revolver hadde hatt element av austleg musikk og instrument som ikkje var vanlege rockemusikk. Musikkritikar Piero Scaruffi hevdar at progressiv rock teknisk sett starta i 1967 med Cream og The Nice, som han skidrar som grupper som reagerte på den enkle, melodiske, tre minuttar lange popen til tidleg Beatles. Men han overser då at Beatles, før 1967, hadde nytta element av austleg og klassisk musikk i songane sine, som seinare skulle påverke progressive rockeband som Yes og King Crimson.[2]

I 1966 gav Frank Zappa and the Mothers of Invention ut albumet Freak Out, som var ei blanding av progressiv rock, punk og avantgarde lydar. Same året byrja bandet 1-2-3, seinare kalla Clouds, å eksperimentere med songstrukturar, improvisering og fleire lag av arrangement.[3][4] Mars dette året kom The Byrds med «Eight Miles High», ein pioner innan psykedelisk rock med sologitar påverka av jazzstilen til John Coltrane. Same året gav The Who ut «A Quick One While He's Away» som er det første døme på ein rockeopera, og av somme rekna som det første progrock-stykket.[5]

I 1967 gav Jeff Beck ut singelen «Beck's Bolero» som var inspirert av Maurice Ravel sin Bolero, og seinare same året kom Procol Harum med den Bach-aktige singelen «A Whiter Shade of Pale». I 1967 gav òg the Moody Blues ut debutalbumet sitt, Days of Future Passed, som kombinerte klassiskinspirert orkestermusikk med tradisjonelle rockeinstrument og songstrukturar. Pink Floyd sitt debutalbum, The Piper at the Gates of Dawn, inneheldt den nesten ti minuttar lange improviserte og psykedeliske instrumentalen «Interstellar Overdrive». I 1968 nytta Big Brother and the Holding Company Bach sitt preludium frå The Well-Tempered Clavier i deira utgåva av George Gershwin sin «Summertime».

Mot slutten av 60-talet starta mange rockeband å nytte instrument frå klassisk og austleg musikk, samt eksperimentering med improvisasjon og lengre komposisjonar. Enkelte band, som britiske Soft Machine, starta å blande rock og jazz. På tampen av tiåret hadde band som Deep Purple og The Nice spelt inn klassisk-influerte album med fullstendige orkester, Concerto for Group and Orchestra av Deep Purle og Five Bridges av The Nice.

Tidlege band[endre | endre wikiteksten]

I følgje Scaruffi var tidlege progrockband og artistar Traffic, Jeff Beck, Family, Jethro Tull og Genesis; medan King Crimson, Yes og Van Der Graaf Generator representerte sjangeren då han var på topp.[2] Fleire viktige band innan sjangeren hadde starta på 60-talet, som The Moody Blues (1964), Pink Floyd (1965), Soft Machine (1966), Barclay James Harvest (1966), Gong (1967), Genesis (1967), Jethro Tull (1967), The Nice (1967), The United States of America (1967), Uriel (1967), Yes (1968), Caravan (1968), The Crazy World of Arthur Brown (1968), King Crimson (1969) og Gentle Giant (1969), men ikkje mange av desse starta som progressive rockeband.

Sjølv om nesten alle desse var frå Storbritannia, vart sjangeren gradvis populær andre stader i Europa. Triumvirat førte an i Tyskland si progressive rockerørsle, medan Tangerine Dream, Faust, Can og Neu! førte an i Berlinskulen og krautrock. Flame Dream var eit band frå Sveits, Focus og Trace lp, frå Nederland, frå Frankrike kom Ange, Gong og Magma, og i Hellas oppstod Aphrodite's Child med den elektroniske musikkpioneren Vangelis. I Spania oppstod òg mange progband som Canarios og Triana, og i Skandinavia finn ein mellom anna Popol Vuh med Jahn Teigen frå Noreg, Kaipa frå Sverige og Wigwam frå Finland. Italiensk progressiv rock vert stundom rekna som ein eigen sjanger med band som Areal, Banco del Mutuo Soccorso, Le Orme, Goblin, PFM, Museo Rosenbach, Il Balletto di Bronzo og Locanda Delle Fate.

Ein finn òg progrock i Latin-Amerika med band som Arion og Os Mutantes frå Brasil, som kombinerte element frå tradisjonell brasiliansk musikk med psykedelisk rock, klassisk musikk, jazz og eksperimentelle lydar. I Argentina hadde ein La Máquina de hacer pájaros, og seinare Seru Giran, begge danna av Charly Garcia, som kombinerte klassiske musikkarrangement med jazz og tango. Chile hadde Los Jaivas og Congreso, som kombinerte elektrisk gitar og keyboard frå rock med latinamerikanske rytmar (særleg frå Andesfjella), som Wayno, Joropo, Cotahiqui, Diablada. Frágil var eit band frå Peru som spelte ei melodisk form for progressiv rock.

Sterke element av avantgarde og motkultur har lenge vore knytt til progressiv rock. I 1970-åra var Chris Cutler frå Henry Cow med på å opprette eit laust kollektiv av artistar kalla Rock in Opposition eller RIO, for å kome med eit bodskap mot musikkindustrien. Av dei opphavleg medlemmene fann ein Henry Cow, Samla Mammas Manna, Univers Zero, og seinare Art Zoyd, Art Bears og Aqsak Maboul. RIO-rørsla var kortvarig, men av artistane finn ein fleire av opphavsmennene bak avant-progressive rock, som nyttar mørke melodiar, vinkla utvikling, disharmoni og mange uvanlege musikkstrukturar.

Toppen av populariteten og nedgangen[endre | endre wikiteksten]

Musikkhistorikarar har nytta forskjellige omgrep for å lage undersjangrar av progressiv rock på 1970-talet. Sjølv om enkelte Miles Davis-inspirerte artistar som Mahavishnu Orchestra, Weather Report og Return to Forever vart rekna som jazz-fusion, vart andre som spelte jazzrock med dei same inspirasjonskjeldene plasserte i sjangeren Canterbury scene. I 1973 kombinerte Queen Brian May sitt tunge og komplekse gitarspel med Freddie Mercury sitt piano, tekstar og intrikate melodiar til ei blanding av progressiv rock, hard rock og heavy metal.

Yes tok inn tidlegare Refugee-keyboardist Patrick Moraz for albumet Relayer, og stilen hans var mykje meir jazzpåverka enn Wakeman sin tidlegare Moog-stil. Genesis-trommis Phil Collins starta bandet Brand X, og tidlegare Yes/King Crimson-trommis Bill Bruford starta solobandet Bruford. Begge desse låg på grensa til jazz-fusion.

Progressiv rock var på sitt mest populære på midten av 1970-talet med album som Tubular Bells av Mike Oldfield på toppen av salslistene. På denne tida oppstod fleire nordamerikanske progband, som Kansas. Kansas vart eit av dei kommersielt mest suksessrike progrockbanda i Amerika. Electric Light Orchestra, som oppstod i 1970 som ei progressiv utgåve av «The Beatles-stilen» og hadde størst suksess på midten av 1970-talet. Todd Rundgren gjekk inn i prog-verda med bandet sitt Utopia. Rush frå Toronto vart eit stort band med fleire hitalbum frå midten av 70-talet.

I 1974 hadde fire av dei store progressive rockebanda - Yes, Emerson Lake and Palmer, Genesis og King Crimson – anten byrja med intern krangling eller byta ut bandmedlemmer. Medlemmer av Yes og ELP forlet banda for å starte solokarrierar, og det same gjorde Peter Gabriel frå Genesis (sjølv om Genesis heldt fram med Phil Collins som ny solovokalist), og Robert Fripp annonserte at King Crimson gav seg etter albumet Red.

Yes held konsert i Indianapolis i 1977.

punkrock kom siste halvdel av 1970-åra med ei enklare og meir aggressiv form for rock, vart progressive band sett på som pretensiøse og pompøse og den perioden med progressiv rock som ein av dei førande rockesjangrane var over.[6][7]

Mange etablerte progressive band hadde derimot ein stor tilhengjarskare, som Rush, Genesis, ELP, Yes, Queen og Pink Floyd som nesten alle fekk album inn på Topp 10 og reiste på omfattande turnear. Frå 1976 til 1980 viste heavy metal-pionerane Led Zeppelin teikn til progrock på albuma Presence og In Through the Out Door.

I 1979 hadde punk utvikla seg vidare til new wave og Pink Floyd gav ut rockeoperaen The Wall, eit av dei mestseljande albuma gjennom tidene. Mange band som oppstod etter punkrørsla oppstod, som Siouxsie and The Banshees, Cabaret Voltaire, Ultravox, Simple Minds og Wire, viste alle spor av progressive rock i musikken sin, men har vorte meir kjend for å vere inspirert av punk.[8]

1980-åra[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Neo-progressiv rock.

Tidleg i 1980-åra oppstod ei ny bølgje progrockband, med artistar som Marillion, IQ, Pendragon, Twelfth Night, Mach One og Pallas. Gruppene som oppstod på denne tida vert stundom kalla neo-progressive eller neo-prog. Band med denne stilen var påverka av progressive rockeband frå 1970-talet som Genesis, Yes og Camel, men nytta òg element frå New Wave og anna rockemusikk frå 1980-åra. Den digitale synthesizeren vart eit viktig instrument i denne stilen. Neo-prog var levedyktig inn i 90-åra med band som Arena, Jadis, Collage og Iluvatar. Stilen deira var liknande dei første neo-prog-banda som Marillion og IQ, og dette skilde dei frå den tredje bølgja progrock som oppstod på 1990-talet.

Enkelte progressive rockeband endra musikalsk retning og gjorde musikken sin enklare og meir kommersielt levedyktig. I 1981 gjorde King Crimson eit overraskande comeback med andre musikarar (berre Robert Fripp og Bill Bruford hadde vore med tidlegare), og nytta ein meir techno-rytmisk stil som hella mot New Wave, på liknande måte som Talking Heads, ein stil som den nye vokalisten Adrian Belew kom frå. I 1981 gav Rush ut Moving Pictures der songen «Tom Sawyer» vart ein av dei mest populære for bandet. I 1981 oppstod supergruppa Asia, som bestod av Steve Howe (Yes), Carl Palmer (ELP), John Wetton (King Crimson) og Geoff Downes (Buggles/Yes), men dei overraska mange progrocktilhengjarar med å gje ut eit popinspirert debutalbum. Singelen deira «Heat of the Moment» vart spelt mykje på MTV i årevis. Asia sette ny salsrekord for album i 1982.

Andre britiske band følgde dømet til Asia for å oppnå større kommersiell suksess. I 1983 fekk Genesis ein stor internasjonal hit med «Mama» og signaliserte ei meir kommersiell vending for bandet i 1980-åra. Yes gjorde òg eit overraskande comeback i 1983 med albumet 90125 og singelen «Owner of a Lonely Heart», som gjekk til topps på singellista i USA. Pink Floyd gav ut A Momentary Lapse of Reason i 1987, som var ei anna retning enn dei tidlegare konseptalbuma deira med kortare songar og eit meir elektronisk lydbilete.

Sidan 1990-åra[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Progressiv metal.

Progressiv rock fekk igjen ein ny oppgang i 1990-åra. Tre svenske band har fått ein del av æra for denne nye bølgja, Änglagård, Anekdoten og Landberk, som oppstod i 1992-1993. Seinare kom fleire band som svenske The Flower Kings, britiske Porcupine Tree, italienske Finisterre, og frå USA Dream Theater, Spock's Beard, Echolyn, Proto-Kaw (ein reinkarnasjon Kansas) og Glass Hammer.

I nyare år har ein av dei meir kommersielt levedyktige progsjangrane vore progressiv metal, som blandar element frå progressiv rock (lange songar, konseptalbum, uvanleg tempoangjeving, lange instrumentalparti, viturositet, element av jazz) med krafta, låtskrivarstilen og haldningane assosiert med metal. I prog metal har ofte keyboardinstrument ei framtredande rolle, i tillegg til bruk av gitarsoloar i shred-stil.

Fleire band i prog-metal-sjangeren, Dream Theater (USA), Ayreon (Nederland), Opeth (Sverige), Fates Warning (USA) og Queensrÿche (USA), har nemnd Rush som den viktigaste inspirasjonskjelda si, men mange syner òg spor av meir tradisjonelle metalband som Black Sabbath eller Deep Purple. Tool har nemnd King Crimson som ei inspirasjonskjelde for musikken sin.[9] King Crimson opna for Tool på turneen deira i 2001.[10]

Progressive rock har òg vore ei viktig inspirasjonskjelde for sjangrar som post-rock, avantgarde metal, power metal, neo-klassisk metal og symfonisk metal.

Tidlegare medlemmer av det tidlege post-hardcore bandet At the Drive-In, Cedric Bixler-Zavala og Omar Rodriguez-Lopez danna bandet The Mars Volta, eit progressivt band som oppnådde suksess med ei blanding av jazz, funk, punkrock, latinsk musikk, og støy. I 2005 fekk dei stor suksess med albumet Frances the Mute som nådde 4. plass på den amerikanske Billboard-lista og singelen deira «The Widow» vart ein stor radiohit.

Tidleg på 2000-talet dukka òg fleire progressive band opp i Aust-Europa, særleg i Russland, der InProg-festivalen vart populær og band som Little Tragedies, EXIT project, Kostarev Group og Disen Gage fekk stor suksess både i heimlandet og internasjonalt. Andre band er Olive Mess frå Latvia og Riverside frå Polen.

Det britiske bandet Muse har ført progressiv rock fram i lyset att i store delar av Europa.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Prog-Rock/Art Rock. AllMusic (2007). Vitja 17. september 2008.
  2. 2,0 2,1 2,2 Piero Scaruffi
  3. Brian Hogg, The History of Scottish Rock and Pop. (BBC/Guinness Publishing)
  4. '1-2-3 and the Birth of Prog,' Mojo, Nov. 1994
  5. The Who på progarchives.com
  6. K. Holm-Hudson (2001) Progressive Rock ReconsideredRoutledge. ISBN 0-8153-3714-0.
  7. Brian L. Knight. Rock in the Name of Progress (Part VI -"Thelonius Punk"). Vitja 17. september 2008.
  8. Tommy Udo (2006) «Did Punk kill prog?» – Classic Rock Magazine Issue, bind 97.
  9. «Augustember 2001 E.V.». http://www.toolband.com/news/letter/2001_09.php. 
  10. Eyes Wide Open

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]