Ajax Amsterdam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lagoppstillingane i Europacup-finalen 1972 mellom Ajax og AC Milan
Ajax sin førsteellevar klar til heimekamp i meisterligaen, september 2011

Amsterdamsche Football Club Ajax, til vanleg omtala som Ajax, også kalla Ajax Amsterdam eller AFC Ajax, er ein nederlandsk fotballklubb fra Amsterdam. Klubben spelar sine heimekampar på Amsterdam ArenA i Amsterdam.

Ajax har tre gongar vunne europacupen, og ein gong kvar meisterligaen, UEFA-cupen og cupvinnarcupen. Klubben har vorte seriemeister 30 gongar i Nederland, og har vunne fotballcupen 17 gongar. Ajax har fostra spelarar som Johan Cruijff, Johan Neeskens, Frank Rijkaard, Marco van Basten og mange andre toppspelarar.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Ajax vart grunnlagt i 1900. Namnet er etter den greske, mytologiske helten Ajax. Klubben vann landsmeisterskapet første gongen i 1918, utan å ha tapt ein einaste seriekamp. Sidan har klubben alltid spela i toppdivisjonen i Nederland.

Ajax hadde sin gullalder i tida 1969-73. Klubben vann europacupen i 1971, 1972 og 1973. Samstundes vart Ajax både seriemeistrar i Nederland i 1970, 1972 1973 og cupmeistrar i 1970, 1971, 1972 og 1973. Spelarar som Cruijff og Neeskens var av øvste verdsklasse og merka seg ut på eit lag med mange dyktige spelarar.

Sist i 1980-åra var heimekampane til Ajax prega av hooligans på tribunane. Dette og muter i samband med ein kamp mot Austria Wien førte klubben ut i eit uføre. Enden var at det kom nye folk i alle leiarposisjonar.

Ajax nådde eit nytt høgdepunkt midt på 1990-talet, klubben vann UEFA-cupen 1993 og meisterligaen i 1995, den heimlege seriemeisterskapen i 1994, 1995 og 1996 og den heimlege cupen i 1993. I 1995 vart Bosman-dommen avsagt og heile åtte av førstelagspelarane signerte for storklubbar utanlands. Etter ei vanskeleg tid har Ajax sidan vunne fleire seriemeisterskap i Nederland, men har ikkje makta nå dei avgjerande finalerundane i dei store klubbturneringane.

Ajax er ein av dei fire klubbane som har vunne alle dei store europeiske fotballturneringane for klubbar; europacupen, meisterligaen, cupvinnarcupen og UEFA-cupen. Bayern München, FC Barcelona og Juventus er dei andre tre klubbane som har makta denne bragda.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ajax Amsterdam