Marinbiologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Havet rommer eit vell av ulike skapnadar. Her er ein hai på sandbotn.

Marinbiologi er studiet av alger, dyr og andre organismar i havet og tilknytte saltvassområde, og av det økologiske samspelet mellom desse. Det vert rekna som ein eigen grein av biologien på grunn av den enorme kompleksiteten i dei marine økosystema.

Livet i havet disponerer enorme ressursar, særleg som mat men òg som medisin og råmateriale. Fordi ressursane i havet er så viktige for menneske, vert marinbiologisk forsking prioritert relativt høgt.

Folk som har marinbiologi som hovudfagfelt vert kalla marinbiologar.

Marine økosystem[endre | endre wikiteksten]

Sidan marinbiologien tek for seg så mange forskjellige organismar, vert ofte økosystema organismane lever i nytta til å systematisera faget. Ein kan t.d. snakka om korallrevs- eller djuphavsartar. Dei viktigaste omgrepa ein nyttar for å skildra levestaden til ein marin organisme er pelagisk (som lever i dei frie vassmassane) og bentisk (som lever på eller i umiddelbar nærleik av botnen).

Korallrev kan, særleg i tropane, verta særs fargesprakande.

Korallrev[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Korallrev

Korallreva er dei områda i havet med størst biologisk mangfald. Berre av fisk er over 4000 artar direkte avhengige av dei for å overleva. Best kjend er nok dei fargesprakande korallreva i tropane, men det finst òg kaldtvasskorallrev med heilt andre artar på djupt vatn i tempererte og kalde strok. Rev er bygd opp av kalkskjeletta til mange hundre generasjonar av små koralldyr, som regel over steinbotn.

Dei opne vassmassane[endre | endre wikiteksten]

Oversikt over dei ulike pelagiske sonene.
Hovudartikkel: Pelagisk sone

Mellom kontinenta og dei undersjøiske fjella ligg det store område med lite anna enn vatn. Her går det an å finna store mengder liv, men dei fleste artane er der berre på veg frå ein stad til ein annan. Til dei fastbuande høyrer likevel fleire av dei største dyra på kloten, m.a. kval.

Dyr som lever pelagisk har som ein av dei største utfordringane sine problemet med mangel på gøymeplassar. Dei vert difor sterkt utsette for predasjon, og treng såleis eigne tilpassingar for å unngå dette. Artane her er difor særs ofte kamuflasjefarga (som regel lyse på undersida og mørke på oversida), og lever ved somme høve i stim.

Tareskogen[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Tareskog

Tareskogen veks i temperert eller kaldt vatn på hardbotn ned til om lag 20 m djupn, avhengig av kor klart vatnet er. Her er det stort artsmangfald og mange økonomisk viktige artar, m.a. torsk, hummar og taskekrabbe. Grunnelementet i økosystemet er tare; makroskopiske brunalger i ordenen Laminariales.

Tidevassona[endre | endre wikiteksten]

I grenselandet mellom havet og landjorda ligg tidevassona eller littoralsona, område som står under vatn berre delar av døgeret. Tilhøva her er utfordrande for mange organismar, sidan dei både må tola periodar under vatn og periodar med uttørking. Likevel finn ein her eit breitt spekter av liv, både dyr, alger og plantar. Særleg i den nedre littoralsona kan mangfaldet vera særs rikt.

Djuphavet[endre | endre wikiteksten]

Djuphavet er, reint geografisk, den delen av kloten me veit minst om. Den djupaste djupna som er registrert er i den såkalla Marianergropa, 10924 m under havoverflata. Her er trykket enormt, men det finst framleis høgareståande liv her. Det vart observert både flyndrer og reker under Trieste-ekspedisjonen i 1960.

Djuphavet vert definert som området frå den afotiske sona, det vil seie frå punktet der ikkje sollyset når lenger, og nedover til botnen. Såleis varierer storleiken på sona etter tilhøva lenger oppe i vatnet. Mykje av livet i djuphavet sentrerer rundt undersjøiske fjell og -vulkanar; der det vert danna økosystem med kjemoautotrofe bakteriar som hovudprodusentar av næring.

Marine livsformer[endre | endre wikiteksten]

Mikroorganismar[endre | endre wikiteksten]

Det mikroskopiske livet i havet er særs mangfaldig og framleis særs dårleg forstått. Kva slags rolle t.d. virus spelar i marine økosystem er enno nesten uutforska.

Derimot veit me ganske mykje om planteplankton, på grunn av rolla det spelar som produsentar av næringsstoff og oksygen. I tillegg til alger og cyanobakteriar finst det m.a. diatomear, dinoflagellatar og silicoflagellatar.

Dyreplankton er som regel større enn planteplankton, og lever av dette og/eller kvarandre. Mange protistar er dyreplankton, i tillegg til små nesledyr, ribbemanetar, leddmark, blautdyr og leddyr. Mange marine virvellause dyr startar i tillegg livet sitt som dyreplankton, m.a. krepsdyra.

I marine økosystem er skiljet mellom produsentar og konsumentar ofte meir utydeleg enn på land. Somme artar dinoflagellatar kan t.d. vera både heterotrofe og autotrofe, avhengig av miljøtilhøva.

Plantar og alger[endre | endre wikiteksten]

Tare

Plantelivet i havet er avgrensa til særs grunt vatn, kor t.d. ålegras finst. Eit stykke opp i fjæra er det òg mogleg å finna einskilde arter og slekter; ei form for litteralsone vanleg i tropane er t.d. mangroveskog. Elles er det makroskopiske alger av typen tang og tare som dominerer og tek opp dei økologiske nisjane som normalt ville vera besett av plantar på land. Desse algane kan danna store skogar som er essensielle for mange artar; m.a. er både taskekrabben og kystbestandar av torsk avhengige av eit tarebelte å veksa opp i.

Marine virvellause dyr[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste større grupper av virvellause dyr finst i havet. Unnataket er insekt, som berre er representert med nokre veldig få artar og sjeldan er nokon viktig faktor å rekna med i økosystema. Havets motstykke til insekta er krepsdyra, som også er leddyr. Andre grupper som gjer seg gjeldande inkluderer m.a. blautdyr, pigghudingar, svampar, nesledyr, leddmark, urochordatar og flatmark.

Fisk[endre | endre wikiteksten]

Sjå eigen artikkel: Fisk
Raudspette - ein flat fisk.

Fisk er kaldblodige virveldyr med finnar og spord. Me kjenner til 28 000 artar, ca 27 000 av desse er beinfisk. Gruppa er ikkje berre stor, men òg variert, og dei aller fleste artane finst berre i havet. Vitskapen om dei heiter Ichthyologi (etter gresk Ichthyos = fisk) og er mellom dei største og viktigaste greinane av marinbiologien.

Krypdyr[endre | endre wikiteksten]

Krypdyra sin rolle i havet er ikkje like viktig i dag som for 65 millionar år sidan, men det finst framleis fleire artar som lever mesteparten av livet i det våte elementet. Mellom desse kan ein rekna m.a. havskjelpadder, havslangar, haviguananeGalapagos og saltvasskrokodiller. Alle nolevande havkrypdyr er ovipare, og må difor opp på land for å leggja egg. Det har derimot ikkje alltid vore sånn; gode fossilfunn har vist at ichthyosaurane ("fiske-øglene"), som levde frå 230 til 90 millionar år sidan, fødde levande ungar.

Pattedyr og fugl[endre | endre wikiteksten]

Mange fuglar har tilpassa seg eit liv ved og i havet, t.d. albatross, pingvin, alkefuglar og skarv. Sidan alle fuglar er ovipare hekkar dei alle saman på land, utan at dette gjer dei særleg mindre bundne til havet. Ofte finn ein dei i store koloniar i fjellveggar, kor dei søv og hekkar når dei ikkje er ute og fangar fisk.

Sjøpattedyra vert delt inn i fem grupper;

  • Kval, som omfattar både plankton-etarar, fiske-etarar og pattedyr-etarar, lever heile livet sitt i havet og omfattar dei største dyra som lever på jorda i dag,
  • Sjøkyr, som òg lever heile livet i havet, men er mindre og meir bundne til kyststrøk
  • Sel, som føder ungane sine på land men er avhengige av havet for føde og tryggleik,
  • Havoter, som òg føder ungane sine på land, men sym i vatnet for å fanga fisk, kråkebollar og muslingar
  • Isbjørn, som stundom vert rekna med til havpattedyra på grunn av at han òg er avhengig av hav.

Kjelder og referansar[endre | endre wikiteksten]

Biologi
anatomi | astrobiologi | biokjemi | bioinformatikk | botanikk | cellebiologi | evolusjonsbiologi | fysiologi | genetikk | genomikk | humanbiologi | marinbiologi | mikrobiologi | molekylærbiologi | opphavet til livet | paleontologi | parasittologi | taksonomi | utviklingsbiologi | zoologi | økologi